> ARBEIDSMILJØPRIS Flora kommune fekk KLP sin arbeids- miljøpris for 2004. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at «kommunen viser at de klarer å tenke langsiktig og helhetlig». Juryen la mellom anna vekt på nedgangen i sjukefråveret og det låge talet på uførepensjonistar. SNART FAGARBEIDAR: Hege Ryland er på god veg til fagbrevet som omsorgsarbeidar. medvitne om føremonene ved å ta inn lærlingar. Difor er inntak av lærlingar teken inn i handlingsplanen for kommunen. Tek ansvar – Rekrutteringsproblema vil kome i helsesektoren. Då kan ikkje ein kommune overlate til andre å gje ungdommane ein læreplass, meiner personalkonsulenten. Ved sida av låg rekruttering er også tidleg uførepensjon ein fare for mel- lom anna eldreomsorgen i kommu- nen. Flora kommune har svært lågt tal på uførepensjonistar. – Me har mange tilsette med gradert uførepensjon. Det er betre at dei arbeider det dei er i stand til enn at dei forsvinn heilt frå arbeidsmarknaden, meiner Ramstad Olsen. Personalkonsulenten kan også fortelje om ei lang historie som IA- bedrift. – Me har alltid eit par lærlingar som treng spesiell oppfølging. Av og til er det problematisk. Då er det godt at me har utvikla eit godt samarbeid med arbeidskontoret og trygdeetaten. Ungdomen kan vise seg fram, og eg trur vi får igjen for å gje dei den sjan- sen. Ei god læretid kan verke førebyg- gjande og kommunen får utvikla nyttig kompetanse. Fagbladet 1/2007 > 31 fbaargang2007 fbseksjonHEL