LEDER Erik den vågale Erik Hillestad våger der andre enten tier eller ikke tør. Lederen av Kirkelig Kulturverksted er sterkt troende. Han tror på Gud, og på dialog og forsoning på tvers av kulturer og religioner. 20 > TEMA LAYOUT Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70 Heli Kankaanpää heli.kankaanpaa@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69 Kjell Olufsen kjell.olufsen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 47 ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46 Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no Faks 23 06 44 07 KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2006: 297.527 REPRO/TRYKK Aktietrykkeriet AS www.fagbladet.no BESØKSADRESSE Keysers gt.15 Oslo Framleis billege utlendingar Regjeringa fremja i byrjinga av mai fleire gode forslag til endringar i arbeidsmiljølova som skal førebyggje sosial dumping. Diverre vert ikkje eit av dei viktigaste krava frå LO innfridd. Regjeringa vil ikkje at oppdragsgjevar skal påleggast eit solidaransvar for løns- og arbeidsvilkår for innleidd arbeidskraft. Difor vil det framleis vere mogeleg for oppdragsgjevarane å fråskrive seg alt ansvar, sjølv om dei nyttar leigefirma som underbetaler utanlandsk arbeidskraft. Billeg austeuropeisk arbeidskraft har i praksis ført «Yrke som vert utsett for import av billeg arbeidskraft får låg status og låg løn.» til lønsreduksjonar i fleire bransjar. Mangelen på tariffavtalar, useriøse arbeidsgjevarar og i mange høve lovlause tilsetjingsvilkår har ført til låge løner og utnytting av arbeidstakarar frå inn- og utland. Underbetalte leigearbeidarar frå andre land har vore nytta i industrien i mange år. Industrikonsern, som Aker Yards, vil til dømes ta inn rumenarar til 70 kroner i timen. Når regjeringa sine framlegg til endringar i arbeidsmiljølova ikkje kan stogge slike avtalar, opnar det for sosial dumping i stor stil. Forslaget om å importere meir enn 100.000 helsearbeidarar frå utviklingsland, syner at problemet også kan vere på full fart inn i offentleg sektor. Yrke som vert utsett for import av billig arbeidskraft, får låg status og låg løn. «Dette er lett å se i andre land, der import har vært praktisert i lang tid, som i det britiske helsevesenet, der pleiepersonalet er så drastisk underbetalt at Noreena Hertz har satt i gang innsamling for å hjelpe dem,» skriv Ottar Brox i ein kronikk lenger bak i bladet. Beste mellomoppgjer nokon gong, er det mange som kallar resultatet av tarifforhandlingane denne våren. Det er ikkje sikkert det blir slik i åra som kjem. Dersom ikkje regjeringa innfører tiltak som får slutt på sosial dumping, er det lite truleg at vanlege folk vil oppleve reallønsauke i framtida. Storstilt arbeidskraftimport og sosial dumping kan øydeleggje det norske velferdssamfunnet. JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR Full barnehagedekning Regjeringens mål er full barnehagedekning i løpet av året. Noen kommuner satser mer enn andre, og i Tromsø har mer en nitti prosent barnehageplass. Fagforbundet er også opptatt av å sikre innholdet i barnehagene, og krever at det satses på flere og kvalifiserte voksne. 8> 2007 Fagbladet 5/2007 > 3 Foto: Erik M. Sundt Foto: Tom Benjaminsen fbaargang2007 fbseksjonSAM