Ut og inn av forbundet KFO har denne våren gjennomført ei aggressiv vervekampanje og teke mange medlemmar frå Fagforbundet. Men KFO skuffar, og Fagforbundet vinn mange tilbake. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN – Hadde eg vore nøgd med Fagforbundet, ville eg aldri tenkt på å melde meg ut. Men då KFO plutseleg ein dag stod her, skjedde det på impuls, fortel Inngunn Vaka. Saman med kollega Rita Lamo og 23 andre medlemmar i Haugesund melde ho seg inn i KFO i mars. No har 12 av dei, mellom andre Vaka og Lamo, kome attende til Fagforbundet. Misnøgd med Fagforbundet Vaka fortel at ho har hatt ei sak kor ho har trengt hjelp frå Fagforbundet, men ho er ikkje nøgd med innsatsen frå dei tillitsvalde. – Eg ringde gong på gong. Dei lova å ta kontakt når dei hadde funne ut av saka. Men eg høyrde ikkje noko. Herdis Gunn Rødne, hovudtillitsvald i Haugesund, kjenner seg ikkje igjen i dette biletet. Som tillitsvald kan ho ikkje diskutere saka offentleg, men er klår på at alle saker har fleire sider. – Eg opplevde at Vaka og eg hadde god kontakt medan vi arbeidde med saka hennar. Vi snakka fleire gonger med kvarandre på telefon, og eg hadde også møte med henne, seier Rødne. Ho legg til at sjølv om dei tillitsvalde gjer sitt beste, er det diverre ikkje alltid dei vinn fram. – og med KFO Grunnen til at Vaka og Lamo valde å melde seg inn att i Fagforbundet, var IMPULS: Vi melde oss inn i KFO på impuls, fortel Inngunn Vaka (t.v.) og Anita Lamo. Dei er to av mange som etterpå har meldt seg inn att i Fagforbundet. at KFO ikkje følgde opp lovnadane sine. – Dei skulle ta kontakt over helga, men eg høyrde ingen ting på over ein månad, og eg kjende meg etter kvart utrygg på å leve utan forsikringar, fortel Vaka. Vaka og Lamo meiner KFO si vervekampanje har fått Fagforbundet til å skjerpe seg. – Vi hadde aldri sett dei tillitsvalde her før. Men etter at nokre av oss hadde meldt seg ut, vart dei synlege. Til det seier Rødne at ho er innom Udland omsorgssenter om lag ein gong i veka, og at Fagforbundet ofte har arrangement for medlemmane. – Seksjon helse og sosial har hatt fleire temakveldar med godt fagleg innhald, mellom anna om heimetenesta. Men det er diverre ikkje så mange som kjem på slike møte, seier Rødne. Ufine metoder KFO følger ikke alltid spillereglene i sitt vervearbeid. Mette Nord, som sitter i Arbeidsutvalget i Fagforbundet, blir lettere oppgitt og ikke så lite opprørt når hun leser rapportene fra hele landet om KFOs verveoffensiv. Hun syns selvsagt det er helt i orden med konkurranse om medlemmene. Hun syns også det er flott at KFO i løpet av våren har vervet en del uorganiserte. – Men det er ikke greit at de rakker ned på Fagforbundet og LO. Det er heller ikke greit at de lokker med billige forsikringsordninger, som viser seg likevel ikke å være så billige i forhold til hva de dekker. medlemmer på denne måten. Det går heldigvis ikke så lang tid før folk skjønner at det de har fått servert, ikke stemmer. Derfor, og fordi de ser at det er Fagforbundets tillitsvalgte som får igjennom saker, er det mange som fort kommer tilbake til oss. Mette Nord håper KFO i framtida vil konsentrere seg om de uorganiserte. – Det er veldig mange uorganiserte der ute. Det er viktig å få flere av disse med for å slåss for arbeidstakernes interesser. Tekst: KARI-SOFIE JENSSEN – Det er synd, men sant at KFO får med seg Fagbladet 6-7/2007 > 43 fbaargang2007 fbseksjonHEL