Foto: Thor Nielsen
LEDER
En rød tråd
Rita Ottervik er bygdejenta som har blitt ordfører i storbyen. Arbeidsjernet som har gjort karriere i partiet. Bakgrunnsbyråkraten som har blitt skjøvet fram som fremste kommunale befolkningsrøkter.
20 >
TEMA
LAYOUT Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70
Heli Kankaanpää
heli.kankaanpaa@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69
REPRO/TRYKK
Aktietrykkeriet AS
ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46
Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no
Faks 23 06 44 07
KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2006: 297.527
www.fagbladet.no
BESØKSADRESSE
Keysers gt.15 Oslo
Hvem tar støyten?
> I dag er det de lavtlønte kvinnene som må ta ansvaret for dårlig kommuneøkonomi.
> Statsminister Jens Stoltenberg oppfordrer kommunene som arbeidsgivere til å ta en større del av byrden.
Det nye klasse-
samfunnet
I 2005 hadde den rikaste tidelen i Noreg ein realvekst i inntekta si på 30 prosent samanlikna med året før. Tala for den fattigaste ti delen var 1,2 prosent. Kapitaleigarane auka fortenestene sine og tok ut 142 milliardar kroner.
I sist valkamp sa Høgre-leiar Erna Solberg at dei fattige her i landet ikkje får det betre om dei rike får det dårlegare. I hennar verd er det ikkje samanheng mellom stoda for dei fattige og dei rike sin rikdom. Difor kan Høgre og Framstegspartiet meine at skatt er eit statleg ran. Høgreregjeringa, med god støtte frå Frp, gjennomførte stendige skattelette som på få år snytte felles-
8>
«Fleire meiningsmålingar det siste året syner at det norske folk er viljuge til å betale meir skatt.»
skapet for enorme milliardbeløp. Formueskatt, skatt på aksjeutbytte og skatt på eigedom er så låg at Noreg vert rekna som eit skatteparadis.
JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR
Vi ønsker alle våre lesere en riktig god sommer!
Folk flest har ikkje fyrst og fremst på seg dei grådige brillene. Fleire meiningsmålingar det siste året syner at det norske folk er viljuge til å betale meir skatt dersom det er naudsynt for å sikre viktige offentlege tenester som til dømes barnehagar, eldreomsorg, sjukehus, skule, vegar, politi og kystvakt. Internasjonale økonomiske miljø – til og med EU-økonomane – dokumenterer at denne velferdsmodellen fører til godt grunnlag for all type næringsverksemd, produktutvikling og ikkje minst høg produktivitet. Grunnlaget for suksessen er statens skatteinntekter.
For fyrste gong på mange år hadde kommunane eit lite overskot i 2006, men framleis forfell skular og andre offentlege bygg, og det er framleis for få hender i eldreomsorga. Samstundes har dei rikaste utmerka seg med eit ekstremt luksusforbruk. Det kan dei gjere fordi dei betalar ein historisk liten del av staten sine skatteinntekter. Det private forbruket er no så høgt at renta aukar kvar månad. Dermed vert dei fattige endå fattigare. Skal vi godta at det veks fram eit meir brutalt klassesamfunn med lønsskilnader? Eller kan den raudgrøne regjeringa overtalast til å sette ein rettferdig skattepolitikk i staden for den dei arva etter Høgre og Frp?
Fagbladet 6-7/2007 > 3
2007
fbaargang2007 fbseksjonKON