Vardafjell fekk og pålegg om å førebyggje skadar i samband med fysisk tungt arbeid heime hjå brukarane. – Vi har fått to forflyttingskontaktar som vert kursa i forflyttingsteknikk. Dei skal lære oss andre det dei sjølv har lært, og dei har møtetid ein gong i månaden. Då kan vi andre sjå video, høyre dei fortelje eller spørje dei om konkrete løysingar. Gode hjelpemiddel To av dei tilsette ved Vardafjell har fått ansvar for å skaffe naudsynte hjelpemiddel til brukarane. – Sidan vi har eit godt samarbeidsklima, går det kjapt å få tak i dei hjel- pemidla som trengst. Når vi som er ute, rapporterer om manglar hos ein brukar, tek leiinga fatt i det med ein gong, seier Storum. Ho meiner dei har eit rapporteringssystem som fungerer godt, men peiker likevel på ein svikt når det gjeld stort og kostbart utstyr. – Det er til dømes ikkje alltid ein stolheis er på plass når brukaren kjem heim etter eit opphald på sjukehus. Omsorgssenteret har skaffa seg ei reserveløysing for slike tilfelle. Dei har eit par koffertar med ymse hjelpemiddel som dei tek med når dei skal til brukarar som enno ikkje har fått alt på plass. Tidspress Tidspresset er krevjande på Vardafjell som i heimetenesta elles. – Innhaldet i arbeidet er endra dei siste åra. Medan vi før hadde reingjering hjå to brukarar før lunsj og to etterpå, har vi no mange fleire på listene våre. Før fylgde vi brukarane til legen og til banken. Det er det no støttekontaktar eller folk frå Frivillighetssentralen som gjer. Og medan vi før gjekk tur med brukarane for at dei skulle halde seg i form, trenar vi no på toalettbesøk, fortel Dahl. – Vi har fått mindre tid, men vi kjenner brukarane godt, supplerer Storum. Ho veit kven som treng mest.    > Fagbladet 8/2007 > 41 fbaargang2007 fbseksjonHEL