NETTSTAD OM
FISK FOR BORN
Fiskeridirektoratet har nyleg laga ein ny nettstad der både vaksne og barn kan bli inspirerte til å jobba meir med havet og kystsona, anten i heile «fiskeveker» eller som enkeltaktivitetar.
I følgje informasjonssjef i Fiskeridirektoratet, Olav Lekve, er barnehagar og skular viktige bidragsytarar i arbeidet med å gje borna kunnskap og interesse for livet i havet. Fiskeridirektoratet sitt eige motto er «Livet i havet – vårt felles ansvar», og Lekve håpar at born, gjerne saman med vaksne, skal gå inn på nettsidene og sjå om det er noko av interesse for dei.
På den nye nettstaden, www.fiskeridir.no/fiskeridir/b arn_og_unge, kan så vel skular, barnehagar og leirskular finna informasjon om aktivitetar og bruk av kystsona.
I tillegg kan du få informasjon om korleis du kan finna krabbar og om kvifor det er viktig å ta vare på hummaren. Ein kan også lasta ned brosjyrar, hobbyhefte og teikneark.
Distribuert med Fagbladet
FORSLAG TIL AKTIVITETAR
Henta på: www.fiskeridir.no/fiskeridir/barn_og_unge/barnehage_og_skole)
Snakka om fisken
I samlingsstunda kan dei vaksne vise borna bilete av ulike arter fisk og skaldyr. Dei vaksne kan fortelja litt om kvar art, og borna kan fortelja kva dei veit om dei ulike artane.
Tips: Heftet «Fakta om fisk» inneheld bilete og fakta om dei ulike fiske- og skaldyrartane. Bestill heftet hjå Fiskeridirektoratet på e-postadr.: info@fiskeridir.no eller på tlf.nr. 55 23 80 78 (maks. 50 eks per bestilling). Barnehagen kan også bestilla plakat med bilete og namn på ulike artar fisk og skaldyr.
Teikne skjegget på torsken:
Leiken er lik «halen på grisen». På ei tavle eller eit stort ark teiknar ein vaksen ein fisk. Forklar at borna skal teikna ein liten skjeggstubb under haka på fisken, slik at han blir ein torsk. Eit av borna får bind for auga og eit krit eller ein fargeblyant i handa. Før barnet bort til tavla for å gjette kvar skjegget skal teiknast. Ein vaksen kan eventuelt skrive med lita skrift namnet eller fyrste bokstav i namnet til barnet under skjegget som barnet har teikna. Når alle borna har prøvd å teikna skjegget, ser alle kven som har sett skjegget nærast haka på fisken.
Akvarium på veggen
Materiell: papirrull, maling, teiknesaker, sakser og ark
Klypp av to meter papir frå rullen. Teip denne fast i eit langbord eller på golvet. Mal med
ulike blå, grøne og brune nyansar på heile papiret. Dette kan førestelle sjø, tang sand og gras i sjøen.
Lag eit akvarium.
Teikn og fargelegg på enkle ark ulike artar som finst i sjøen (fisk, sjøstjerner, krabbe, havål, skjell osv.). Klypp ut og lim inn alle artane på det store papiret, slik at det
føresteller eit akvarium. Heng akvariet opp på ein vegg.
Tips: Heftet «Fargelegg fiskene» inneheld teikningar av ulike fiskeartar og skaldyr
framhald. på baksida
Samla på ting frå fjæra.
© Måken barnehage
fbaargang2007 fbseksjonKIR