Eg sette brillene på min katt
Av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas Illustrert av Inger Lise Belsvik Det norske samlaget 2007
Denne diktsamlinga inneheld dikt frå både Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Her fylgjer me årstidene frå vinter til haust, og møter leikande born i snøen, katten som bruker briller, hesten som fyk i lufta og lam som både er svarte, grå og kvite.
Dei fleste av dikta er skrivne for born, medan andre er henta frå diktsamlingar for vaksne og treng truleg litt meir forklaring. Likevel er det ein klår, enkel og jordnær tone i dikta, som fører til at dei nok også vil falle i smak hjå borna.
Dikta i samlinga er alle leikande lette å lese høgt, med nærast ein syngande
tone. Ein fast rytme som ein finn i fleire av dikta, skaper også noko musikalsk over dei - og fører til at dikta kan minne om andre regler og rim som borna kjenner frå før. Dikta har også ei lengde som passar for små stunder
med høgtlesing. Illustrasjonane til Inger Lise Belsvik er levande og bygger godt opp under handlinga i dikta. Belsvik har også ein enkel strek med ein god bruk av fargar. I nokre av dikta er strofene sett opp grafisk på ein slik måte at det forsterkar handlinga og gir borna eit klårare bilete av kva som skjer. Det kunne ein kanskje gjort meir av, sidan fleire av sidene inneheld ein god del tekst. Ekteparet Vesaas sine dikt passar
truleg best for dei eldste borna i barnehagen eller førskulen.
Diktsamlinga er også med på å markere at det i år er 100 år
sidan Halldis Moren Vesaas vart fødd.
Judith Litlehamar
Korleis skapar me ein kulturbarnehage?
et me ønskjer at barna våre skal Ole Brum,
lære? Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opp-
levingar frå?
PiRion-kurs
Om kurset
Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn.
Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid.
Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar.
Om Pirion
Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året.
Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement.
Om kurshaldarane
Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. Kontakt:
Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf:52790484/97194788 (måndag og tysdag mellom
9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no
d
Kva kultur er
Tips oss på pirion@norsk-plan.no
Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om.
PiRion
www.pirion.no
PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 06/2007, 8. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design
LES!
fbaargang2007 fbseksjonKIR