UT PÅ TUR: Bebuarane på Såta har skog og vatn i nærleiken. Rundt vatnet ligg gangvegen som gjer det lett å kome fram.
VIL GJERNE SMAKE: Anna Alvær observerer katten som luskar på endene.
gjennom fysisk aktivitet og naturlege stimulansar. Det kan gjerast gjennom små og større aktivitetar og enkle tiltak, meiner Fosse Dalland.
– Me ser gong på gong at ein god spasertur er effektiv for å få i gang ein problemmage og få uro ut av kroppen.
Fosse Dalland og kollegaene hennar er opptekne av at dei ikkje skal sy puter under armane på bebuarane.
– Eit menneske som kan gå ved eigen hjelp, skal ikkje takast under armen og bli støtta når han går. Slik blir han fort usjølvstendig og avhengig av støtte. Me må vere vakne for kva bebuaren kan klare, og konsentrere oss om å oppretthalde funksjonar. Elles lagar vi lett nye problem.
Det handlar om å leve
Det har vore ein lang prosess å skape ei sams haldning om at ein treng å vere aktiv heile livet.
– I byrjinga kunne eg til dømes møte argumentet om at bebuaren er for trøytt til å gå ut. Ein annan var redd for at dei gamle skulle få lungebetennelse.
– Denne tenkinga har me lagt bak oss. Om vi kler oss godt, og er i rørsle, er risikoen for å få lungebetennelse mindre ute enn inne. Mange bebuarar på sjukeheimane får pneumoni, men det er sjeldan det er den friske lufta som er årsaka. Eg trur oftare det er av di dei er passiviserte og i dårleg form og difor har eit svakt immunsystem.
– Ein må våge at noko kan skje. Eg trur alle er samde i at det er betre å vere uheldig på tur, enn aldri meir å få kome på tur. Dette handlar om eit verdig liv, om å få leva, seier aktivitøren.
Helsegevinst
Fosse Dalland er einaste aktivitøren på Såta bu- og servicesenter. Etter hennar meining skulle kvar sjukeheimsavdeling hatt ein person som var ansvarleg for sansestimuli.
– Ein miljøterapeut kan saman med dei andre tilsette syte for stimuli og førebygging gjennom fysisk aktivitet. Alle kan bruke seg sjølv utover dei reine pleieoppgåvene på ein slik avde-
ling. Å oppretthalde funksjonar er jo ei viktig del av behandlinga.
Det gjer ein skilnad om sjukeheimen har ein aktivitør eller ikkje. Såta bu- og servicesenter var til dømes ein av dei fyrste sjukeheimane i Hordaland med sansehage. Og dei har fått ei kulturstove. Dei har og innandørs trim to gonger i veka. Og ikkje minst: Alle bebuarane på skjerma eining kjem ut på tur kvar veke heile året.
Møter verda
Vel ute, er det mykje å sjå på, høyre og snakke om. Etter nokre minutt er heile følgjet komen ned til vatnet.
– Mange eldre misser så mykje når dei kjem på institusjon. Men verda ligg rett utafor døra, seier aktivitøren og peikar utover vatnet.
– Sjå katten som ligg og lurer på andungane.
Alle følgjer med og veit at katten er sjanselaus. Anfinn Sætre morar seg over at endene erter katten ved å symje mot han og snu like før dei når land.
– Her er livet som kjem imot oss. Her får sansane heilt naturleg stimuli. Og alt er gratis, påpeiker aktivitøren.
Etter ein kilometer eller så er det pause på benkane. Eit følgje frå barnehagen passerer, og dei eldre tykkjer det er triveleg å møte den oppveksande slekt.
– Når me er ute på tur, er det så mykje å snakke om. Og me som er med som fylgje, prøver å snakke om det som kan vere interessant for alle. Me prøver å sjå og høyre kvar einskild. Dette er ikkje tida for privat snakk pleiarane imellom. Som alltid må me ha fokus på bebuarane og prøve å skape inkluderande samtaler, seier Inger Fosse Dalland.
– Livet på institusjon er ikkje så verst når det er innhald i dagane.
34 > Fagbladet 12/2007
fbaargang2007 fbseksjonHEL