Framleis for få menn i barnehagen
Det er framleis langt att før departementet har nådd sitt mål om 20 prosent menn i barnehagane innan utgangen av 2007. Dårleg lønn vert peika på som den største årsaka til det. JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR
verdsett, ikkje minst når det gjeld lønn.
Me har eit alvorleg likelønnsproblem i Norge. Det handlar om manglande verdsetting av viktige yrke. Kvinner tener mindre fordi dei er kvinner, og det kan sjå ut som om menn vel yrke i større grad etter lommeboka enn kvinner, meiner ho.
Må byrje tidleg
Tala frå unnskapsdepartementet viser at 12,9 prosent av studentane som vart tekne opp ved førskulelærarutdanninga i 2004 var menn. I 2006 var talet 14,2 prosent. Men berre 8,3 prosent av dei uteksaminerte i 2006 var menn.
Bjerkestrand er ikkje i tvil om at ein må starte med rådgjeving og god informasjon om førskulelæraryrket allereie på ungdomsskulen, for at fleire skal velje yrket. Også høgskulane kan gjere mykje, meiner ho og viser til utdanningar der ein bevisst rekrutterer mannlege studentar i same klassen og gir dei eit nettverk dei kan bygge på seinare. I tillegg meiner ho den einskilde kommunen kan gjere mykje for å rekruttere og ikkje minst behalde mennene i barnehagane.
Trass i at ein ikkje har nådd målet meiner eg utviklinga er positiv. Men skal me få opp
mannsdelen må me gå meir systematisk til verks - og ikkje så tilfeldig. Ein må også investere meir pengar i dette, og me må sjå dette i samanheng med rekrutteringa av førskulelærarar generelt, legg ho vekt på.
Treng høgare lønn
Kunnskapsdepartementet sin handlingsplan seier det er viktig at barnehagen framstår som eit likestilt samfunn - og at ei moderne kjønnssosialisering bør bygge på likestilling og likeverd, noko Bjerkestrand støttar fullt ut.
Det er positivt, både for gutar og jenter å ha mannlege rollemo-
dellar i barnehagen. Menn kan også tilføre andre ting til barnehagen enn kvinner, sjølv om ein skal vere forsiktig med å kjønnsdele åtferd, slår Bjerkestrand fast.
Me når ikkje målet om 20 prosent menn innan 2007, men Kunnskapsdepartementet skal vidareføre arbeidet med likestilling i barnehagen utover 2007. Å integrere likestilling i barnehagen er eit kontinuerleg arbeid og eit ledd i oppfølginga av rammeplanen, seier statssekretær Lisbet Rugtvedt.
I 2004 var det 4.845 mannlege tilsette i norske barnehagar, noko som utgjer 8,0 prosent. Ved utgangen av 2006 var talet auka
til 6.202 tilsette. Det er likevel langt igjen før ein når målet på 20 prosent som vart sett i Kunnskapsdepartementet sin handlingsplanen for likestilling i barnehagane i perioden 20042007.
Ny strategi
Rugtvedt viser også til at det er ein samanheng i arbeidet om likestilling i barnehage og skule.
Ikkje minst gjeld det korleis me motarbeidar tendensen til at gutar taper fagleg sett i skulen og til at me ser kjønnstradisjonelle utdanningsval ved kvar einaste korsveg gjennom utdanningssystemet.
På bakgrunn av dette vil departementet seinare i haust lansere ein eigen strategi for likestilling i utdanninga som også inkluderer barnehagen. Også i Utdanningsforbundet er ein klar over at målet om likestilling ikkje er nådd.
Det er langt igjen før ein har nådd målet på 20 prosent. Men me har hatt ein periode med stor utbygging av barnehagar, og har trass i det klart å halde oppe prosenten, seier leiar for seksjon barnehage i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand.
Bjerkestrand trur det er fleire grunnar til at så få menn vel å arbeide i barnehage. For det første peikar ho på at såkalla kvinnedominerte yrke ofte ikkje vert rekna som aktuelle for menn og at yrker som førskulelærar i mange samanhengar er lite
Menn i Barnehagen
www.mibnett.no er ein nettstad for og om Menn i Barnehagen.
Her finn du nyhende og informasjon om nettverket Menn i Barnehagen. I tillegg kan du delta i debattforum om sentrale problemstillingar. Menn i Barnehagen har fylkessider i Asker, Bærum, Oslo, Trondheim, Vest-Agder og Østfold.
MIMI BJERKESTRAND I UTDANNINGSFORBUNDET SER AT DET ER LANGT ATT FØR MÅLET OM 20 PROSENT MENN I BARNEHAGEN ER NÅDD. LIKEVEL MEINER EG UTVIKLINGA ER POSITIV, SEIER HO.
© CF Wesenberg, Kolonihaven
fbaargang2007 fbseksjonKIR