Ho stig ut av minibussen, og den kalde vinden treffer kinna og tek tak i skautet. Ho vender om og set seg inn att. Gunhild (80) meiner ho har det betre inni bussen enn utanfor i dag. Saman med fire andre frå dagsenteret for personar med demens har ho vore med bussen frå Vågåmo til Tesse i nabokommunen Lom.
Vegen har svinga seg vestover og oppover, og temperaturen er ein heilt annan enn nede i dalen. Men Jenny (79) og Leif (82) syns det er godt å komme ut og røre på seg. Dei følgjer vegen vidare, småpratar om alle sætrene som ligg her oppe, og undrar seg på om vegen fører heilt bort til Vestlandet.
Men no er det lenge sidan frukost. Dei vender om og treffer dei andre ved bussen. Jorunn Heier, sjukepleiar og turleiar, har funne ei stove som kan gje ly for vinden. Ivar (82) opnar grinda og blir galant ståande og helse kvar og ein velkomen.
Mat og trim
Jorunn har førebudd måltidet. No byr ho fram ferdigsmurt lefse, eplebitar og kaffi. Serviettar og glas har ho òg tatt med.
– Eg ordna dette medan Ragnar Olderløkken køyrde rundt og henta alle deltakarane, fortel ho. Sjukepleiaren nyttar høvet til å servere litt mat med næring og frukt når gruppa treffas.
– Kosthaldet til heimebuande med demens er ofte mangelfullt, særleg for dei som bur åleine.
To dagar i veka møtes dei for å vere ute og i aktivitet. Henting og heimkøyring er ein del av aktivitetsdagen. Og ofte nyttar dei kommunens minibuss også til å køyre ut på tur.
– Uansett om vi køyrer ut eller blir på Klones vidaregåande kor vi samlas, er vi alltid ute og i aktivitet ei stund. Fysisk fostring blir ikkje mindre viktig med alderen, seier Jorunn Heier.
Grøn omsorg
Jorunn Heier, som har tatt vidareutdanning som demenssjukepleiar, er koordinator for demensteamet i Vågå kommune. Ho har også arbeidd med grøn omsorg for heimebuande som har fått ein demensdiagnose, sidan dette aktivitetstilbodet blei oppretta for seks år sidan.
Dagtilbodet har heile tida hatt base på Klones vidaregåande skule. For nokre år sidan hadde dei fleire liner på skulen, mellom anna helse og sosial. No er det berre landbruksline att. Gruppa kan bruke verkstad, fjøs, gymnastikksal og utarealet på skulen.
Demenssjukepleiaren er den einaste tilsette som har vore engasjert i dette dagtilbodet heile tida. No har ho med seg Ragnar Olderløkken ein gong i veka. Han er snikkar og miljøarbeidar, >
Fagbladet 2/2008 > 31
fbaargang2008 fbseksjonHEL