KRONIKK
samfunnsøkonomisk tommelfingerregel har vore at uavhengige aktørar alltid utfører samfunnsoppgåvene meir effektivt enn demokratiske organ. Bussane i Stavanger må til dømes bli drivne av eit fransk selskap fordi dei dag og natt freistar å kutte kostnadane for å vinne neste anbodsrunde.
NYARE FORSKING er i ferd med å velte denne måten å tenke på. I Danmark har fleire forskarar gått saman om SoCapprosjektet, som kartla samsvaret
mellom «sosial kapital» og økonomisk vekst i 21 land. Sosial kapital er summen av den daglege kontakten mellom samfunnsborgarane og tillita dei har til kvarandre og til samfunnet generelt. Funna var eintydige: Jo meir einskildmenneska identifiserar seg med institusjonane, jo større er den økonomiske veksten. Danmark kan såleis ha skattar og lønnsnivå i verdsklasse, og jamvel vere ein av verdas mest konkurransedyktige økonomiar (World Economic Forum).
I Noreg har økonomen Kalle Moene starta prosjektet Equality, Social Organization and Performance (ESOP) som også vil undersøkje desse sidene av den nordiske modellen.
Ein nærliggande konklusjon er at outsourcing og konkurranseutsetting smuldrar opp offentleg sektor og svekker tillita til denne. Då eg starta økonomistudiet, leste eg ei undersøking som synte at dersom burettslag innførte bøter på dugnadskulk, ville folk heller betale bota og med det kjøpe seg fri frå å delta
på dugnaden. Min fyrste tanke var: Det er dette som skjer med heile det norske samfunnet. Samfunnsmedlemmane vert reduserte til «brukarar» – dei betaler ein slant til stat og kommune og får ein tilmålt mengde tenester igjen. Dei deltek ikkje på dugnad. Dei treff ikkje naboane sine. Og ein velferdsstat utan fungerande nabolag, er som eit tre uthula av sopp: Kvifor skal eg betale skatt for å halde liv i gratispassasjerar og farlege narkomane?
EG ER SAMD med høgresida i at folk treng insentiv for å jobbe, og at det beste insentivet er ei kjensle av eigarskap, av eigeninteresse. Men der høgresida berre forstår privateigde aksjar som motiverande eigedom, meiner eg at det finst eit vell av kollektive eigarskapsformer som fagrørsla må byggje vidare på. Vi må jobbe for å styrke gjennomsiktig, demokratisk offentleg eigarskap, slik at eg som ung mann ikkje treng kjøpe ein sprayboks og tagge ned rådhuset for å kjenne at eg har sett merke på byen min. Fagrørsla må òg syte for at folk ikkje berre har lønningar å leve for, men også at dei trefst og lærer å stole på kvarandre. Kvifor kan ikkje dei lokale klubbane sette opp ungdomsklubbar, idrettshaller eller amatørteater? Det er først då vi byrjar eige velferdsstaten.
Fagbladet 6/2008 > 61
Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby
fbaargang2008 fbseksjonKIR