PiRion
– kulturavis for barnehagar og skular
LES FOR MEG!
Distribuert med Fagbladet.
Eit knippe av haustens bøker
ABC
Tekst: Olav H. Hauge Teikning: Bodil Cappelen Samlaget 2008
I år er det hundre år sidan Olav H. Hauge vart fødd. I samband med dette kjem det ut ein del nyutgivingar om forfattaren og diktinga hans. I tillegg kjem nokre bøker i ny drakt. I barneboka ABC har Olav H. Hauge skrive tekstane, medan kona Bodil Cappelen har
teikna dei fyldige illustrasjonane. Boka kom første gang ut i 1986.
Dette er ein tradisjonell ABC, med eit vers til kvar bokstav. Teksten er skriven i blokkbokstavar, noko som gjer den lett å lese, også for dei som nett har lært seg lesekunsten.
Havet voggar blått og blankt. Me skal sigla langt langt! Far seier jorda ho er rund So me kjem att i same sund. Versa har også mykje rim og rytme, som gjer lesinga enklare og teksten lettare å minnast.
Judith Sørhus Litlehamar
Garmanns gate
Tekst og illustrasjon: Stian Hole Cappelen Damm 2008
Skummelt vakkert i Garmanns gate: Stian Hole hausta i fjor prisar både i inn og utland for den fyrste boka om Garmann, Garmanns Sommer. No er han
tilbake med ei ny vakker og skummel bok om den vesle guten som denne
gongen har byrja på skulen. Når Roy i fjerde dukkar opp, ynskjer
Garmann at han er på ferie i Kina eller
at han blir borte som spurvane i hekken. Roy er
kongen i gata og bestemmer alt. Garmann har våga seg inn i hagen til Frimerkemannen,
der det frå før er skummelt nok. Så får Roy han til å tenne på det tørre graset, og då blir alt farleg og fælt.
Ragnhild Margretha Taranger
Iver baker
Tekst og bilde: Marianne Nygård og Jørgen Nordlie Damm forlag 2008
Iver og Blå skal bake kake den beste kaka i verda. Dei byrjar med gode, raude eple, men finn etter kvart ut at grøne eple, appelsinar, fisk òg kjøttbein og kan gjere seg som kakepynt. Ein hummar er det jammen også plass til på toppen.
Iver baker er eit godt utgangspunkt for samtale om fargar og fasongar og ikkje minst om kva som det faktisk går an å gjere. Ei søt lita bok for dei minste ungane, dette her.
Toyni Tobekk
nr. 7 2008
fbaargang2008 fbseksjonKIR