båe bøkene er uttrykksfulle med fleire detaljar å feste blikket på for ein treåring.
Anne Berit Skeie
Prikk og Flekk ser stjerner
Prikk og Flekk på priknikk
Tekst og teikning: Lotta Geffenblad Omsetjing: Jo Eggen Mangschou forlag 2008
Serien om dei to kompisane Prikk og Flekk er no komen opp i seks bøker, der «Prikk og Flekk ser stjerner» og «Prikk og Flekk på prikknik» er dei to siste. Hovudpersonane er dei kanin-liknande (og eigentleg ikkje særleg pene) Prikk og Flekk som bur i eit hus og steller med både kvardagslege og meir uvanlege ting. Den eine av dei to er, som namna seier, prikkete, og den hin er flekkete. «Akkurat slik det skal vere», som er fast opningssetning i bøkene. Og prikkar og flekkar er gjennomgangstema i alle forteljingane, anten det no er sølt deig, stjerner eller myggstikk det er snakk om. Teikningane har mange detaljar, og bøkene kan lesast både på eit enkelt og eit meir detaljert nivå. Her i huset har bøkene fenga frå toårs-alder, men til dømes dei mange ordspela i bøkene kjem nok endå meir til sin rett for eldre born.
Øystein Skjæveland
Rikke gidder ikke
Tekst: Cornelius Jakhelln Teikning: Lars M. Aurtande Damm 2008
Ein dag vaknar jentungen Rikke Benkestokk opp og finn ut at ho
ikkje finn seg i at brør er slemme,
foreldre skal bestemme alt, og
at det er krig i verda. Rikke er verdas viktigaste person, og verdas viktigaste person gidd rett og slett ikkje meir. Denne giddeløysa spreier seg med stor fart til heile resten av verdene, inkludert dei mytiske verda Vallhall og Atlantis. «Jeg gidder ikke mer!» kan ein snart høyre frå alle kantar.
Toyni Tobekk
Den vesle stavkyrkjeboka
Tekst: Grete Letting og Reidar Solberg Bilde: Björk Barkadóttir Skald forlag, 2007
Ei bok frå i fjor, men likevel: Går det eigentleg an å laga ei fakta-
bok om stavkyrkjer for born? Etter å ha lese «den vesle stavkyrkjeboka» må svaret verta «ja». Boka har i alle fall engasjert ein treåring her i huset så mykje at han også les boka på eigahand iblant. Det har nok litt med å gjera at ein grøn dinosaur (av alle ting) er gjennomgangsfigur, men likevel.
Boka tek for seg alle dei norske stavkyrkjene, med kart som viser kvar i landet dei er.
Heile boka er illustrert og utforma på ein måte som gjer stoffet morosamt og lett å formidla. Denne faktaboka bør absolutt få ein sjanse som høgtlesingsbok for små born og dessutan som sjølvlesing for dei litt eldre.
Øystein Skjæveland
Når tussalusi kviskrar
Tekst: Olav H. Hauge Illustrasjon: Inger Lise Belsvik Samlaget 2008
Det er hundreårsminne for diktaren Olav H. Hauge i år, og dei minste skal også ha sitt. Hauge skreiv lite direkte for born, men i denne
boka har Samlaget samla eit fint knippe dikt som dei små også vil ha glede av. Dyr slår
vanlegvis godt an, og her treffer me både katten, tordivelen,
hanen, ugla, piggsvinet, beve-
ren og fleire. I tillegg til dikt om fiskarar, regnbogar og månen.
Denne boka må vera eit flott høve til å lesa høgt for borna og la dei få møta andre typar tekstar enn dei reint forteljande. Utprøving her i heimen tyder på at det fell i god jord. Somme kan gjerne tenkja at språket til Hauge kan vera noko tungt, men det skal ein ikkje la seg hindra av. Ungane greier godt å læra nye ord, og ein treng ikkje gå lenger enn til Legokatalogen (som også er populær her i huset) for å finna langt underlegare ord enn i Hauge-boka.
Inger Lise Belsvik har før illustrert ei diktbok for born av Tarjei og Haldis Moren Vesaas, og ho gjer det minst like bra denne gongen. Teikningane er knytte nokså tett til tekstane, men har også nye element, så ein får endå meir å snakka med borna om.
Øystein Skjæveland
Tutomaten
Tekst Bjørn F. Rørvik Illustrasjonar : Per Dybvig Cappelen Damm 2008
Dette er Rørvik og Dybvig sin niande roman saman. I 2005 fekk dei Kultur- og kyrkjedepartementet sin bildebokpris for samarbeidet deira. Og Tutomaten held truleg same nivået, den er både rufsete og sjarmerande, med ei morosam historie du heilt sikkert kjem til å leve deg inn i.
Me møter Reven og Grisungen.
Reven har fått brev frå tanta si
på Vestlandet om ei ny opp-
finning: ein maskin som
seier tut tut når ein puttar inn
fbaargang2008 fbseksjonKIR