PIT PARION Vi har fått ny nettside! www.pirion.no ungar lærer av kvarandre. Når ungar får høyra om andre sine gode opplevingar, får dei lyst på det same. Dette gjeld óg for lesing. Ideelt sett er dermed bøker til bursdag eit perfekt høve til å dela både gode leseopplevingar og leselyst med andre ungar. I praksis skjer dette sjeldan. Og det er ikkje fordi ungane ikkje har lese gode bøker. Nei, det er fordi barnebøker er for dyre. Ei ny norsk biletbok kostar gjerne rundt 200 kroner. Det er altså svært uvanleg at ungar gjev bokgåver til kvarandre. Men det er ikkje umogeleg. Eg har funne eit smutthol! Når mine ungar skal i bursdag, gjev dei gjerne bokgåver handla inn til sterkt reduserte prisar. Anten handlar eg barnebøker på sal, eller eg handlar gode barnebøker brukt. Å handla brukt er dessutan miljøvennleg. Når eg finn gode bøker til ein akseptabel gåvepris, kjøper eg alle. Nå vil kanskje nokon meina at det ikkje er god folkeskikk å gje vekk gåver som ikkje kan bytast, for det er ikkje mogeleg å byta inn gåver som er handla på sal eller som er handla brukt. Men viss bursdagsbarnet har boka frå før, så kan ho eller han gje boka vidare til eit anna barn og halda fram med å dela leseopplevingar og leselyst. Bøker blir ikkje dårlegare av at dei er brukte. Og dersom boka er godt brukt, er det kanskje eit teikn på at ungane elskar ho. Bøker til bursdag I I mange barnehagar og skular er det vanleg at foreldre set ei maksimumsgrense på 50-60 kroner for ei bursdagsgåve. Det er ein god ting, for 50-60 kroner er meir enn nok med tanke på kor mange bursdagar ungane går i gjennom eit år. Problemet er at det er vanskeleg å finna bra gåver til denne prisen. Gåvealternativa med den rette prislappen er ofte laga av plast, dei er knytte opp til ein tv-serie som ingen hugsar om eit halvt år, og har små deler som raskt fyk inn i ein støvsugar. Mange av desse leikene blir søppel før ung- ane har starta å leika med dei. Bøker er alltid ei god gåve Me liker å gje bokgåver. Bøker gjev gode leseopplevingar, gode minner, og dei varer lenger enn plastleiker. Ein annan god og viktig grunn til å gje ungar bokgåver, er at leseglede og leselyst er noko TRUDE HOEL ER: universitetslektor ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Lesesenteret, ved Universitetet i Stavanger Korleis skapar me ein kulturbarnehage? OM KURSET Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i arnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei OM KURSHALDARANE Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. KONTAKT: Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf:52790484/97194788 (måndag og tysdag mellom 9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no PiRion-kurs Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no dette. Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. vaksne    Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, på    kor hentar barna kva kul-    opplevingar frå? OM PIRION Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion åtte gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. tur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. PiRion PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 1/2009, 10. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design fbaargang2009 fbseksjonKIR