Alle fikk heiltid Dei treng ikkje springe etter ekstravakter, pleiarane på den nye sjukeheimsavdelinga i Sunndal. Dei har full stilling, men dei fleste arbeider på to avdelingar. HUNDRE PROSENT: – Høg kvalitet for brukarane og tilsette som er nøgde, har vore drivkreftene for å finne fram til nye løysningar, seier Tove Lise Torve. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Tove Andersson har arbeidd på kortidsavdelinga ved Sunndal helsetun i 20 år. Inntil for eitt år sidan hadde ho ein 75 prosent stilling som hjelpepleiar der. Frå april i fjor har ho arbeidd full tid – 50 prosent på den nye eininga for personar med demens og 50 prosent på den gamle arbeidsplassen. – For meg er dette som ein draum. Eg har full jobb og treng ikkje jakte på vakter og spreie meg på fleire stader, seier ho. Andersson syns også det er ein fordel å arbeide på to ulike avdelingar samanlikna med å jobbe fulltid på ein stad. – Etter 20 år er det lett å trøytne viss ein held på med det same heile tida. No får eg variasjon. Når eg har vore borte frå den eine arbeidsplassen i to veker, er det alltid kjekt å komme tilbake, syns ho. Andersson er van med høgt tempo frå kortidseininga, og likar at ho no arbeider i ein annan rytme også. – På korttids er vi som regel innom eit rom for å ordne noko, og så er det ut igjen. Hadde vi flydd ut og inn på same måten på den nye avdelinga, ville bebuarane blitt urolege. På demenseininga må eg senke skuldrene og vere til stade på ein heilt annan måte, seier ho. Heiltid for betre kvalitet Då Sunndal kommune skulle opprette ei ny sjukeheimsavdeling tilpassa personar med demens, vedtok politikarane at alle tilsette skulle få full stilling. Tove Lise Torve, sjukepleiar, ordførar og aktiv innan kvinnenettverket til Arbeidarpartiet, gjekk i bresjen for heile stillingar utan meir helgearbeid. Løysinga blei at til saman 20 sjukepleiarar og fagarbeidarar blei tilsette på full tid. Dei har alle demensavdelinga som hovudbase og arbeider minst 50 prosent der. Men for at turnusen skal gå i hop, arbeider dei fleste også ein viss prosent på den tidlegare arbeidsplassen sin. – Hovudmålet var å betre kvaliteten på tenestene, seier Torve. – Ein annan drivkraft har vore at det skulle bli betre å vere arbeidstakar i 38 > Fagbladet 2/2009 fbaargang2009 fbseksjonHEL