kommunen. Vi politikarar har eit ansvar som arbeidsgjevar. Vi kan ikkje berre seie til administrasjonen at no vil vi kvitte oss med deltid. Vi må prioritere det og betale for at det skal bli mogleg, seier ordføraren. Torve håper og trur at evalueringa etter to år syner at kvaliteten på tenestene er høgare, dei tilsette trivs betre, og sjukefråveret er lågare. For sjukepleiaren og ordføraren i Sunndal har det aldri vore aktuelt å krevje meir helgearbeid for å løyse problemet ufrivillig deltid. – Eg har sjølv arbeidd annan kvar helg på sjukehus, og det var ein stor forskjell å byrje på sjukeheim og arbeide kvar tredje helg, fortel ho. Men ho trur ikkje det er mogleg å ha berre fulltidstilsette i helsesektoren utan meir helgearbeid. Ein ny kabal Avdelingssjukepleiar Eva Strand er leiar på den nye demensavdelinga, og er den som må leggje kabalen slik at det til ei kvar tid både er nok og riktig personale på avdelinga. – Eg treng 24 hovud for å dekkje opp, men eg treng ikkje 24 heile stillingar. Nokon arbeider 100 prosent her, men dei som arbeider 50 eller > BRA MED HEIL STILLING: – Vi er svært nøgde over at vi har fått heile stillingar og full løn, fortel (f.v.) Ella Marie Rødsand, Mona Guttormsen, Tove Andersson og IngerHilde Dyrseth Wullum. Fagbladet 2/2009 > 39 fbaargang2009 fbseksjonHEL