PIT PARION Stad og identitet Vi har fått ny nettside! www.pirion.no M ang ein gong har eg støytt på barnehagebarn på vandring. I små flokkar ferdast dei på vegar og stiar i nærmiljøet. Ut på tur er eit viktig element i barnehagekulturen her i landet, og barnehagepedagogen er turleiar. me må alltid vera på utkikk etter dei gode stadene – stader med potensiale for fysisk utfalding. I tillegg må me ha i tankane at det er dei erfaringane og opplevingane me legg til rette for som fyller staden med meining og innhald. Slik vert den personlege identiteten knytt til landskapet. Mitt andre poeng er følgjande: Landskapet har også ein kulturell dimensjon. Det kan vera spor etter menneskeleg verksemd frå dei eldste tider, eit fornminne, som t.d. ein gravhaug, eller det kan vera noko så kvardagsleg som ein kvilestein, ein bygning eller noko som er skapt i våre dagar t.d. eit parkanlegg eller ein skulptur. Men det lokale landskapet har også ein ikkje-materiell eller mytisk dimensjon. Til mange stader i lokalmiljøet knyter det seg forteljingar om minneverdige og merkelege hendingar, personar eller vesen. Nokre forteljingar og stader er felleseige for eit lokalsamfunn. Det er forteljingar som folk har funne så interessante, viktige eller underhaldande at dei er blitt fortalde om att og om att. Slik har dei levd på folkemunne. Å kjenna lokalmiljøet sitt inneber også å kjenna desse forteljingane frå det lokale landskapet, både dei som byggjer på faktiske forhold og dei som handlar om det overnaturlege eller oppdikta. Det gjer landskapet levande og gir det å vandra der ein ekstra dimensjon, sjølv om ein ikkje bokstavleg tala trur så fast på forteljingane om troll, huldrer, gygrar eller andre overnaturlege vette. Den lokale identiteten er såleis ikkje berre knytt til det å veksa opp i det fysiske landskapet. Ein må også veksa seg inn i landskapet og gjera det til sitt gjennom sine eigne forteljingar og gjennom lokalkulturen sine grunnforteljingar. NILS TORE GRAM ØKLAND førstelektor i norsk ved Høgskulen Stord/ Haugesund (HSH) Stundom tenkjer eg på om dei også er vegvisarar inn i kulturlandskapet og om barna blir gitt nok tid til å oppdaga, oppleva og gjera erfaringar slik at dei erobrar stadene i sin barndoms landskap. Barn lærer verda å kjenna gjennom konkrete erfaringar – gjennom møte med menneske og stader og gjennom munnleg formid- ling og direkte kontakt med verda. Barnas eigen kultur er difor også munnleg og fysisk, og i ein slik oral kultur må erfaringar og opplevingar bli festa i minnet dersom dei skal takast vare på. Ein måte å ta vare på erfaringar og opplevingar på er å formulera dei i forteljingar. Ein annan måte er å knyta dei til bestemte stader gjennom assosiasjonar: Når ein tenkjer på eller kjem til staden, dukkar opplevingane eller erfaringane opp i minnet. Barnas oppleving av tid er også knytt til rom og opplevingar. Den kronologiske og historiske tislinja er vaskeleg for barn å gripa. Dei viktige erfaringane og opplevingane er lagra som ‘øyar av tid’ i eit romleg minnehav. Her er det ikkje noko tydeleg skilje mellom fortid og notid. Mitt første poeng er difor: På tur må me gi oss god tid, og Kva kultur er PiRion -kurs Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no det me ønskjer at barna våre skal lære? Les meir på www.pirion.no PiRion PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 1/2009, 10. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design fbaargang2009 fbseksjonKIR