Lær om fagrørslas Er du tillitsvald og vil kjenne historia til rørsla du er ein del av? Har du leita forgjeves etter studietilbod? Ikkje så rart, for det finst knapt. Heldigvis er det håp. I Trondheim startar eit skreddarsydd studium no i vår. historie Tekst og foto: ALBERT H. COLLETT Høgskolen i Sør-Trøndelag står bak. Dei har utvikla tilbodet i tett samarbeid med LO Trondheim, Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Samlingar, ekskursjonar, oppgåver og it-basert læring skal gi 30 studiepoeng ved fullført løp. Født på TMV Ideen kjem frå Per Overrein og Svein Olav Aarlott. Dei var arbeidskameratar den gongen TMV var eit skipsverft midt i Trondheim sentrum. Sia gikk dei kvar sin veg. I dag er Aarlott forhandlingsleiar for Fagforbundet i Trondheim kommune. Overrein er førsteamanuensis ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Sjølv er Overrein samfunnsvitar, men blant kollegene på HiST finst solid og relevant historisk kompetanse: Ein skreiv hovudoppgåve om Mo i Rana, ein annan om Postforbundet, ein tredje om Senterpartiet. Solid støtte I oppbygginga av studiet har Overrein og Aarlott hatt solid støtte av ei referansegruppe der blant andre tidlegare studieleiar Finn Bærland i Kommuneforbundet har vore med. Bærland er ein veteran med stor kjennskap til fagrørslas historie. Kristin Bjørlykke frå LO Trondheim og Agneta Gudmundsen frå Utdanningsforbundet Trondheim har også deltatt. No er det faglege innhaldet klart. Samtidig vil studentane få stor fridom til å velje oppgåver sjølve. Initiativtakarane ser for seg at noen kanskje vil bruke studiet til å lage ein plan for historia om si eiga fagforeining. Blant dei eksterne lærekreftene som er engasjerte, trekker initiativtakarane særleg fram historikar Harald Berntsen og historikar og statsvitar Trond Nordby. Ny studentgruppe – For oss på HiST blir det spanande å få ei studentgruppe der det går an å komme inn utan generell studiekompetanse. Vi har lagt vekt på at realkompetanse, til dømes frå fagrørsla, skal gi rett til studieplass, fortel Over- «Eit viktig område blir å vise korleis fagrørsla har kjempa fram rettar som sia har vorte lovfesta.» Forhandlingsleiar Svein Olav Aarlott, Fagforbundet Trondheim 52 > Fagbladet 2/2009 fbaargang2009 fbseksjonSAM