PIT PARION Lekselyst hos førskuleungar I Rekning og skriving er ikkje berre ei skulesak, men òg ei viktig sak for barnehageungane, særleg språk fra 4-6 år. Slike oppgåvebøker har blitt populære gåver i bursdagar, og mange ungar synest det er fantastisk å kunne løysa oppgåver, nett som dei gjer i skulen. «Leksene mine» seier dotter mi på 5 år med kjærleg røyst og stryk handa varsamt over oppgåveboka si. Kan interessa for skuleaktivitetar og ønsket om å læra vera skadeleg for ungane? Er det eit poeng at me skal stoppa dei? Nei, meiner eg. Så lenge interessa og driven ligg hos ungane sjølve, skal me hekta oss på og gleda oss saman med dei. Det er når ungane sjølve viser engasjement og interesse, at dei lærer aller mest. Eg har likevel nokre atterhald til desse oppgåvebøkene: Ungane verken kan eller skal sitja med bøkene åleine dette er noko dei må gjera saman med vaksne som kan rekna og lesa. Så lenge ikkje alle foreldre har tid eller ser meining i slike aktivitetar, kan oppgåvebøkene vera med på å skapa forskjellar mellom ungar fordi nokre ungar får mykje meir erfaring med tal og bokstavar enn andre. Dessutan er langt ifrå alle oppgåvebøkene gode. Mange av dei er t.d. direkte omsette frå engelsk eller tysk, og då gjev ikkje alle språkoppgåvene meining. Eg tykkjer også det er eit ankepunkt at eg ikkje finn slike oppgåvebøker på nynorsk, for eg vil gjerne at ungane mine skal ha lese- og skriveopplæring på nynorsk, og lese- og skriveutviklinga startar allereie medan ungane er i barnehagen. femåringane. I barnehagen driv dei med skuleførebuande aktivitetar. Mellom anna TRUDE HOEL ER: universitetslektor ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Lesesenteret, ved Universitetet i Stavanger skriv ungane namna sine, dei tel og speler spel, og så øver dei på friminutt. Forventningane til skulen og det som skal skje der, pregar ikkje berre timane i barnehagen, men òg ungane si fritid. Dei held fram med å skriva namnet sitt på teikningar og anna tilgjengeleg skriveunderlag i heimen, dei tel alt som teljast kan, og dei leikar skule. Ungar som har begynt på skulen har ei høg stjerne i denne perioden, for dei sit med fasiten, og dei som allereie har eldre sysken som går på skulen, kan sola seg i glansen av desse. Ungane sin lengt etter skulestart har sjølvsagt mani- festert seg i populærkulturen, og det finst eit uttal oppgåvebøker som ein kan kjøpa i leikebutikkar og bokhandlar: Lær å telle fra 4-6 år, Lek og lær, Lek med lyd og Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, PiRion-kurs Les meir på www.pirion.no kor hentar barna opplevingar frå? PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 4/2009, 10. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes Tlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:SalikatDesign fbaargang2009 fbseksjonKIR