Umoja i Brundalen
32 > Fagbladet 5/2009
Dei som har drive Norges største musikk- og kulturskole med suksess i fleire tiår, har gjerne knekt ein kode eller to. Sjå ikkje bort frå at kodeordet er umoja. Tekst og foto: ALBERT H. COLLETT
Umoja er swahili. Når rektor Vidar Hjemås oversetter det til trøndersk, kjem det ut slik: «Spirit of togetherness». Denne kjensla av å vere i lag, av å jobbe saman mot eit mål som blir større enn summen av innsatsen til kvar enkelt, denne ånda ser ut til å gjennomsyre svært mange av
aktivitetane til Trondheim musikk- og kulturskole, enten dei utspeler seg i Maputo eller Brattørveita.
Smittsamt
Umoja er smittsamt. Det fester seg lett om ein kjem borti det. Stadig kontakt aukar smittefaren. Ta laur-
dagsskolen. Dei som har vore med på flesteparten av dei 670 konsertane som har vorte avvikla sia starten for 25 år sia, er heilt sikkert smitta.
I dag har mange andre musikk- og kulturskolar rundt om i landet laurdagsskolar, men Trondheim var først ute. Denne ekstra innsatsen, med
fbaargang2009 fbseksjonKIR