plass til eit 50-tals talentfulle elevar, kan mellom anna skryte på seg å ha skapt grobotn for Trondheimssolistane, som i dag er etterspurde over heile verda, som blir nominerte til Grammy-prisar og turnerer dei store metropolane med Anne-Sophie Mutter som solist. Foreldra er med Umoja finst hos foreldra som blir med ungane på prosjektet «frå minifiolinist til Trondheimssolist», der dei begynner i lag med ungane, lærer i lag UNG MEN DREVEN: Sjølv om ho berre er ni, har Rakel Grønberg spela fiolin i nesten fire år. med dei, og ofte må vedgå at femåringen tar til seg lærdommen raskare enn dei sjølve. Første del heiter «Jeg kan spille fiolin», og det er heilt sant. Undervisninga er lagt opp slik at ungane får meistringskjensle frå første dag. Etter som åra går, er det heilt tydeleg at fleire fortsetter når foreldra er med. Umoja finst på Saupstad, drabantbyen der mange innvandrarar vegrer seg mot å sende ungane på ein forpliktande skole som kostar pengar. Da hjelper det med eit lågterskeltilbod der djembe er eit av instrumenta, eller med ein workshop i breakdance. Spirar blir sådd. Noen av dei kjem til å gro sjølv om klimaet kan vere ugjestmildt. Akkurat slik det var ugjestmildt den gongen Arve Tellefsen tok i ein boge første gong. Da var dei ikkje fleire enn fire–fem i heile Trondheim som heldt på med slikt, og dei vart mobba. I dag er det snarare 400–500 som får fiolinopplæring, og det har vorte status. Rakel kjem frivillig Rakel Grønberg er ni år. Ho vedgår villig at det var mamma som ville ha ho inn på musikk- og kulturskolen, men i dag speler ho heilt frivillig. Ho skryt av skolen og lærar Sven Olav Lyngstad, og ser slett ikkje bort frå at ho kjem til å satse på eit liv som musikar. Lyngstad leier både kammer- og symfoniorkesteret på laurdagsskolen, der han har arbeidd sia starten for 25 år sia. Faren er svært stor for at han har smitta Rakel med umoja, og at ho kan tenkjast å søke seg inn på laurdagsskolen når ho blir gamal nok. Og sjølvsagt finst umoja i Afrika, der barn og ungdom frå Tanzania, Kenya, Etiopia, Mosambik, Sør-Afrika og Zimbabwe har møtt kulturglade norske og nederlandske søstrer og brør til gjensidig inspirasjon med jamne mellomrom. 14 dagar lange samlingar har endt i felleskonsertar. Prosjektet «Umoja» gikk fram til i fjor, og var eit samarbeid mellom Norsk Kulturskoleråd og Utanriksdepartementet. Slike prosjekt går gjerne over tre år. Dette er så vellykka at det har fått halde på i sju, og held på framleis. Umoja ser ut til å gjennomsyre alt og alle. Fast plass i bystyret «Spirit of togetherness» oppstår ved kontakt. Derfor er det neppe ei ulempe at alle bystyremøte i trønderhovudstaden blir innleia med eit innslag frå musikk- og kulturskolen. Slik har det vore gjennom fleire periodar, og derfor er det kanskje ikkje til å undre seg over at skolen har tverr-    ANSVARLEG: politisk støtte med unntak for eitt parti. Arbeidarpartiets gruppeleiar Aase Sætran er for øvrig styreleiar for Norsk Kulturskoleråd, som har sitt sete nettopp i Trondheim. Vidar Hjemås har hatt Trondheim kommunale musikk- og kulturskole som arbeidsplass i 36 år, dei siste 15 som rektor. Den politiske støtta og forståinga har også gjort sitt til å halde skolepengane låge, i alle fall inntil no: Den varsla nysatsen på 2800 kroner året ligg framleis lågare enn mange andre stader, men er ein auke på 70 prosent i løpet av eit år.    > Fagbladet 5/2009 > 33 fbaargang2009 fbseksjonKIR