TOGETHERNESS: Samspel blir aktivt brukt som metode: F.v. lærar Sven Olav Lyngstad, Stephen Zhao, Lars Marius Hølås og Jakob Ellingsen. Samspel som metode Umoja oppstår i samspel. Ikkje så dumt når ein lærar kan ha 70 elevar i løpet av ei veke. Da gjer ein det beste ut av situasjonen, og utvikler samspel og faget kammermusikk. Da oppdager ein at elevane, både på laurdagsskolen og resten av veka kan lære like mye av kvarandre og gruppedynamikken som av læraren, at standardar blir sett, at dei liker det og blir inspirerte av det. Ensemblespel gir felles opplevingar, relasjonar blir danna. Umoja oppstår også i konsertsalen, mellom utøvarane, og mellom utøvarar og publikum. 300 eksterne oppdrag i året gir elevane svært verdifulle røynsler. Dei blir tryggare på seg sjølve og kvarandre. Oppgåvene blir tilpassa elevane og høvet. Å få spele i kongens 70-årsdag, slik kammerorkesteret fikk, kan naturleg nok bli eit minne for livet, men også det å opptre for Byåsen Historielag kan vere til stor inspirasjon. Sirkus og sekkepipe Umoja kan oppstå i alle kulturuttrykk. Musikk- og kulturskolen i Trondheim er mye, mye meir enn fiolin. Her er sirkus og sekkepipe, bratsj, breakdance og biletkunst. Samantromminga med unge afrikanarar førte til stor interesse for djembe, og dei unge bandoneonspelarane i Tangueros del Norte gjorde lykke på tv med besøket i Buenos Aires. Umoja oppstår i musikk- og kulturskolens eigne lokale midt i sentrum og i øvingsrommet på Romolslia og på dei over 40 andre skolane der elevane har eit tilbod. På laurdagsskolen får elevane umoja til lunsj. Den beste lunsjen i verda, meiner Jakob Ellingsen. Han veit aldri på førehand kva det er, berre at foreldra har ansvaret. Ein gong kan det vere is og kake, ein annan graut. Slikt skapar spirit of togetherness. INSPIRATOR: Sven Olav Lyngstad har ansvaret for kammer- og symfoniorkesteret på laurdagsskolen. I tillegg er han tillitsvald i Musikernes Fellesorganisasjon. 34 > Fagbladet 5/2009 fbaargang2009 fbseksjonKIR