Lily Westeng og dei andre borna hadde ingenting imot å få smake på forskjellige honningtypar då Norges Birøktarlag kom på besøk. MEIR ENN HONNING..Veit de kva dronninga er? Det er mor til alle biene her! Organisasjonskonsulent Eli Åsen held fram ei summande bikube i solskinet i Friggfeltet barnehage i Oslo. Bier er eit insekt, seier eit av borna. Eg har sett Ole Brum. Rundt han er det alltid bier, seier ein annan. Ikkje redde For første gong er Norges Birøktarlag i ein barnehage for å fortelje om bier, pollen og honning. Eli Åsen meiner det er på tide. Frå før har dei berre vore i barneskular. – Mange born har for liten kunnskap om insekt og for stor avstand til alt det spanande som skjer i naturen. Det er viktig å nå ut til dei minste, som ofte er mindre redde for småkrypa enn oss vaksne, seier birøktaren. Stikk ikkje Hjelp! Den eine har kome ut. Dei bieoppslukte borna får seg ein liten støkk. Det kan sjå ut som om eit ivrig medlem av biegarden har klart å haike til Friggfeltet – på utsida av kuben – for å kome seg ut i sola. Men frykta for eit biestikk varer ikkje lenge. – Vepsar likar is, brus og saft som vi gjer. Derfor trivst dei med å vere i nærleiken av oss menneske og er vi uheldige, ja så stikk dei. Bier likar heldigvis berre blomar og held seg som regel langt borte frå oss, forsikrar dama bak den heildekkjande biedressen. Søtsmak på tunga – Eg luktar honning! Eit av borna synest å få vatn i munnen av å sjå honningglaset bli opna. Ei plastskei til kvar hand i lufta, og så får alle kjenne søtsmaken på tunga. Har de høyrt om pollen? Og at biene gjer slik at det veks frukt og bær i landet vårt? Eli Åsen elskar å fortelje om jobben sin. Spesielt når responsen er god. Og så har de kanskje sett biefilmen? spør ho. Jaaa! Det var kanskje eit dumt spørsmål til denne gjengen. – Viktig å lære om naturen Det er ikkje første gong barnehagen ved NRK-bygget i hovudstaden er utandørs og lærer om det som skjer utanfor barnehageporten. Det er viktig å få ny kunnskap om naturen. Og så er det jo kjekt! Mange har gledd seg til dette lenge, seier pedagogisk leiar Guro Wadd. Borna som sit på huk i det grøne graset, nikkar. Dronninga er sjefen i biefamilien. Hadde det ikkje vore for birøktarane, ville det sannsynlegvis vore for lite bier i Noreg. © Eva Karina H. Moe fbaargang2009 fbseksjonKIR