www.pirion.no
PIT PARION
Orda som forsvinn
D et er eit kulturmøte eg er vitne til, når eg høyrer Helene, 4 år, synga
«Cola, cola, blakken» i staden for «Fola, fola, blakken».
eg heldt framsideillustrasjonen opp: «Kva trur de denne boka handlar om då, jenter?» Tilde, 6 år, tenkte seg om ei lita stund før ho svara: «Kanskje det er ei bok om ein liten mann som bur på ein loff? Kanskje han heller vil bu på eit anna brød? Eg ville helst budd på eit grovbrød med sirup!» «Ja!» samtykka systera på 4 år. «Eller på focaccia med havsalt!» Kva tyder eigentleg på loffen? Det er ikkje eit omgrep eg heller er van med å bruka. Det har jo strengt tatt ikkje noko å gjera med brød – korkje tradisjonsbrød eller (i Noreg) meir moderne brød. Med hjelp av ordboka og utprøving på kjøkkengolvet kom me til slutt fram til at å gå på loffen er ein heilt spesiell måte ågåpå.
Er desse orda som forsvinn ut av språket vårt, eit signal om at me bør skifta ut dei gamle songane og bøkene og heller velja tekstar som barna har betre grunnlag for å forstå? Nei, meiner eg.
Nokre bøker og songar er så gode at dei toler tidas tann, og desse tekstane kan gjerne formidlast til barn som veks opp no. At språket endrar seg, og at barna møter omgrep som dei ikkje har referansar for å forstå, gjev – slik eg ser det – ein gyllen sjanse til å snakka om språk og kultur med barna. Det er gjennom samtalar om språk at barna lærer å kjenna språk: Korleis ord får meining, og korleis meining kan endra seg over tid. Slike samtalar om språk og språkleg variasjon føreset sjølvsagt at me har tid og lyst til å snakka med barna, og at me ser verdi i undringa og tankane deira.
Me skal ikkje kasta alle gamle tekstar. Resultatet av slike kulturmøte kan vera at me alle blir rikare, både på forståing og ord. Jentene mine elskar Rasmus på loffen, og no har dei utvida ordforrådet sitt med eit ord for slentrande og mållaus gange: Me loffar av garde!
TRUDE HOEL ER:
universitetslektor ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Lesesenteret, ved Universitetet
i Stavanger
Helene bruker ord ho kjenner, for å gje teksten
meining. Når barn møter
eldre songar og bøker, får
dei høyra om saker og ting som
var vanlege før. Men dette er ikkje nødvendigvis forståeleg for barna. Derfor bruker dei sitt moderne referanseunivers for å gje orda
og tekstane meining.
Eg las Rasmus på loffen av Astrid Lindgren saman med døtrene mine. Eg starta med å lesa tittelen høgt medan
Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie,
PiRion-kurs Les meir på www.pirion.no
kor hentar barna opplevingar frå?
PiRion
Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no
PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 7/2009, 10. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes Tlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:SalikatDesign
fbaargang2009 fbseksjonKIR