SMÅ STEG: – Vi lagar inga revolusjon i Bømlo, men innbyggjarane og dei tilsette skal merke at dei får det betre, seier Marit Brakestad (f.v.), Inge Reidar Kallevåg og Aud Gunn Løklingholm. Dei tilsette fann løysinga Brukaren hadde det ikkje godt, og sjukefråveret blant personalet var av og til nesten 30 prosent. Dei tilsette har snudd situasjonen. Det kvalitetsprosjektet Marit Brakestad kanskje er mest spent på, er innføring av spesialturnus på Askebærhaugen, ein bustad for personar med utviklingshemning. Lange vakter – Utgangspunktet var eit sjukefråvere på opptil 29 prosent. Den nye turnusen er lagt opp slik at dei som arbeider med ein av brukarane, går 14 timars vakter i sju dagar. Etter ei veke har dei tre veker fri. Ei av seks veker har dei bakvakt, fortel Brakestad. Om brukaren fortel ho at kommunen ikkje klarte å gje han gode nok tenester. – Det blei for mange personar rundt han, og han vart uroleg av det. Ho legg til at dei tidlegare har hatt særs store problem med å rekruttere til denne bustaden. – No i haust, derimot, fekk me mange kvalifiserte søkjarar til ei stilling, fortel Brakestad. – Men alle medaljar har ei bakside. Eg snakka med ein av dei tilsette, og han sa at dette var ei grei ordning så lenge han budde åleine, men at denne turnusen knapt let seg kombinere med eit familieliv. Ordninga blir evaluert kontinuerleg, men kommunen skal gjennomføre ei hovudevaluering etter eit halvt år. – Det skal bli veldig spanande å sjå på sjukefråveret og avvika. Men førebels seier dei som arbeider på Askebærhaugen at brukaren har fått det betre, talet på avvik har gått ned og sjukefråveret er redusert. Aktiv grasrot Også Aud Gunn Løklingholm, prosjektleiar i Kvalitetskommuneprogrammet og organisasjonsleiar i Bømlo kommune, har stor tru på dette prosjektet. – Det som fungerer godt, er når dei tilsette kjem fram med sine idear og arbeider dei fram. I dette tilfellet har dei tilsette hatt eit glødande engasjement. Dei har stått på og vurdert mange ulike turnusordningar før dei landa på denne spesialturnusen, seier Løklingholm. Ho påpeikar at det er dei tilsette som må finne løysingar på problema, og ikkje ho eller andre på kommunehuset. – Vi skal berre leggje til rette for dei løysingane dei tilsette utarbeider. Opplevd betring Utgangspunktet for kvalitetsprosjektet på Askebærhaugen var i følgje Brakestad og Løklingholm brukarens behov. – Han hadde det ikkje bra nok, seier prosjektleiaren. – Dermed hadde heller ikkje personalet det bra. Dei tilsette var i ein uhaldbar situasjon over fleire år. Utfordringa var difor å leggje til rette for betre tenestetilbod og betre arbeidsmiljø, seier Løklingholm og framhevar at kjernepunktet i Kvalitetskommuneprogrammet er at brukaren skal oppleve ei betring. > KVALITETSKOMMUNEPROGRAMMET • Kvalitetskommuneprogrammet er eit trepartssamarbeid som kom i stand gjennom ei avtale mellom tre departement, KS og arbeidstakarorganisasjonane. Avtala blei inngått i oktober 2006 og gjeld førebels ut 2009. • Målet med programmet er å betre kvaliteten og auke effektiviteten i det kommunale tenestetilbodet. Alle endringar skjer gjennom samarbeid mellom politikarar, administrasjon og tilsette. Innbyggjarane skal oppleve at tenestetilbodet blir betre. Dei fleste kommunar har også auka nærvere som mål. • 138 kommunar har slutta seg til programmet. 38 > Fagbladet 8/2009 fbaargang2009 fbseksjonHEL