bøkene Utfordringar i teksten er med på å bygge opp barnet si evne til å fortelje, seier forskaren. FÅR KOMPLEKS FORSTÅING Det å lese same boka om igjen og om igjen kan også vere stimulerande for dei minste. – Dette gir ungane ei meir kompleks forståing, forklarer Mjør. Dette halvåret er det eventyr som står på programmet i Øyrane barnehage. Berre to eventyr blir lesne i løpet av eit halvår. No er det Bukkene bruse dei arbeider med. Barna lærer kjenneteikn ved sjangeren og ved forteljestrukturen, og dei blir stadig meir engasjerte, erfarer pedagog Spilde. Ein annan ting dei lærer gjennom lesinga, utdjupar Mjør, er samanhengar mellom fiksjon og eigne erfaringar og interesser. tivt for ungane si interesse og forståing å aktivere eigne erfaringar. HØGTLESAREN RETTLEIAR Høgtlesaren får mykje fokus i avhandlinga til Mjør, og ho interesserer seg for strategiane han eller ho tar i bruk. Dei fleste frigjer seg frå teksten og fortel meir fritt, både i ord og med bruk av kroppsspåk. – Høgtlesaren rettleiar ungane i korleis dei skal forstå, seier Mjør, det kan dreie seg om logiske samanhengar, humor og dramatikk, og barn lærer å sympatisere med hovudpersonane. Noka nøyaktig oppskrift på korleis høgtlesaren bør gå fram, har forskaren ikkje komme fram til. Det finst fleire lesemåtar. Rampete Robin – Lydbok Av Francesca Simon Omsett av Dagny Holm, lest av Espen Beranek Holm 2009 Rampete Robin feirar Halloween på sin eigen måte; han driv både foreldre og barnevakter til vanvit og plyndrar Gretne Grete sin hemmelege klubb. Robin fortener nemleg namnet sitt, han er rett og slett rampete. Det er Espen Beranek Holm, mest kjent som komikar frå program som Hallo i uken i NRK P2 og TV-programmet Løvebakken på NRK, som fortel historiene om Rampete Robin på lydbok. Han har eit imponerande og variert repertoar av stemmer og fortel med eit så sterkt engasjement at ein lett kan leve seg inn i historia. Og alt saman er gjort med ein ekte guteaktig og rampete tone. Dette er historier mange små gutar kjenner seg att i. Her er mange karakterar å bli kjent med, og alle har dei skildrande namn. Storebror Perfekte Peter likar å leggje seg tidleg og gjer aldri noko gale, Nifse Nina er barnevakta som alle fryktar, medan Gretne Grete aldri blir i godt humør. Det er lett å finne tydelege karaktertrekk i personane, noko som gjer at det er lett å skilje mellom karakterane, også for dei minste. Samstundes blir det kanskje litt for lettvint? Ingen er vel alltid sinte eller alltid snille? Historiene er tøffe og passar nok best for gutar og jenter frå 5-årsalderen og oppover. Lydboka varer i nesten ein time og er delt inn i fleire små kapittel. Kvart kapittel har ei eiga historie, slik at ein ikkje treng å høyre heile boka samanhengande. Forteljingane er også humoristiske, og det er tett mellom dei gode poenga som får deg til å le. Rampete Robin er truleg ei forteljing heile familien kan ha glede av å høyre på i bilen. Eller kanskje det kan bli ei kjekk lita lyttestund i barnehagen? Judith Sørhus Litlehamar BARNA KJENNER SEG IGJEN Mjør er oppteken av korleis nettopp bøkene kan vere med på å aktivere barna sine eigne erfaringar. Informantane hennar las mellom anna ei bok som heiter Påls smokk. Mjør ser korleis barn responderer ved å vise at dei sjølve har eit personleg og kanskje emosjonelt forhold til det å bruke smokk. Ein gut tok til dømes sin eigen smokk ut av munnen og la han oppå eit bilete av smokken i boka. I videoopptaka ser ho korleis dei vaksne speler aktivt på barna sine røynsler. Dei seier til dømes til ungen medan dei les: «Du har også smokk. Sant det er godt med smokk?». Vidare viser dei til erfaringar med dyr, leik og aktivitetar, alt etter kva som rører seg i biletboka. Vaksne synest å meine at det betyr noko posi- To av eventyra står på programmet i barnehagen dette halvåret. Dei blir lesne om igjen og om igjen. – Dei vaksne speler ei nøkkelrolle for korleis barn utviklar seg som lesarar, held Mjør fram. (Ingeborg Mjør) I avhandlinga kallar ho høgtlesarane sine for motiverte høgtlesarar. Det er nettopp dette som er viktig, meiner Mjør: at dei vaksne er motiverte og engasjerte når dei les for dei små. – Ein må forvente deltaking frå barna og positivt stadfeste dei når dei er aktive. Dei vaksne speler ei nøkkelrolle for korleis barn utviklar seg som lesarar, held Mjør fram. BARNEHAGEN VIKTIG Informantane hennar høyrer alle til den såkalla utdanna middelklassen. Dei blir såleis ikkje heilt representative for befolkninga elles. Mjør sine informantar har lesing som ein viktig del av heimekulturen. Ikkje alle har det. Pedagogen i Øyrane barnehage erfarer at det kan vere utfordrande å få med dei ungane som ikkje les heime. – Barnehagen kan spele ei nøkkelrolle for dei barna som ikkje har lesing som ein del av heimekulturen, framhevar Mjør. Gjennom den dialogiske høgtlesinga kan barnehagen gjere sitt for å støtte barn si utvikling når det kjem til språk, refleksjonsevne og sjangerforståing. fbaargang2010 fbseksjonKIR