VEGEN TIL FRIDOM Den største utfordringa når det gjeld utdanning i rumenske fengsel er at 70 prosent av dei innsette ikkje kan lese og skrive, storparten av dei romfolk. – Dei får tilbod om ein «second chance education», det vil seie 1. til 4. klasse på eitt år, fortel fengselsdirektøren. TEKSTILVERKSTADEN: Kan du ikkje ta bilete av meg? Kanskje nokon i Noreg ser det og får lyst til å gje meg noko? smiler denne anonyme dama. Dei som ikkje ønskjer å ta utdanning, kan delta på kurs og aktivitetar i alt frå teikning til hårstell. Eller dei kan arbeide, mellom anna på gardsbruket som ligg innanfor murane, eller på klesfabrikken som innimellom er i drift, avhengig av ordrebøkene. Dei er i augneblinken tomme som følgje av finanskrisa. Svangerskapspermisjon Targsor har éin psykolog, altfor lite i følgje fengselsdirektøren. – Vi skulle gjerne hatt fleire psykologar, men vi har ikkje midlar til det. Mange av kvinnene har psykiske problem som følgje av dopbruk, at dei har mista omsorg for born, eller at borna avviser dei, seier ho. – Får born bu med mødrene i fengselet? spør ein av Panel-deltakarane. – Nei, det er ikkje mogleg på grunn av plassmangel. Om ein innsett er eller blir gravid, får ho svangerskapspermisjon i eitt år. – Dei smarte vert gravide med andre ord, tullar Panel-deltakaren. – Ja, innrømmer fengselsdirektøren. – Vi har fleire døme på kvinner som syter for å bli gravide igjen i løpet av permisjonen. Éin av dei innsette her har fått sju born i løpet av soninga... Draumane får du ikkje Dei innsette i Targsor har rett på ti–fem besøk kvar månad, alt etter kor strengt regime dei sonar under. Likevel har Simona aldri hatt besøk av dei to borna sine på sju og fire år, i følgje ho fordi barnefaren meiner at fengselet vil verke altfor skremmande på dei. I løpet av intervjuet snakkar Simona aller mest om borna. Om at ho vil kjempe for foreldreretten, og at ho ønskjer å gje dei eit betre liv i eit anna land enn Romania. At borna ikkje veit kvifor ho er i fengsel. – Og eg har aldri selt dop, tek ho opp at fleire gonger, intenst. Simona har ikkje sett borna på tre år, ei æve av tid, ei æve av dagdraumar som ingen gitter kan ta frå henne. Berre eitt år til no, så er ho fri. Skepsis i Panel Etter fengselsbesøket er fleire av Paneldeltakarane skeptiske til det dei fekk sjå i Targsor kvinnefengsel. – Det er noko mørkt som vi ikkje får tak på. Ei av kvinnene sa at dei ikkje får velje kva celle dei vil bu på, og ei anna klaga på at det var knapt med mat, seier ein representant frå Danmark. – Tek du med besøkande på rotekottet? spør ein belgiar. Svaret må dessverre bli: Det er ikkje godt å seie kor mykje av fengselskvardagen som var pynta på i framkant av Panel-deltakarane sitt besøk. – Det er heilt tydeleg at dei innsette ikkje vert behandla med respekt, seier Susanne Mose Holm frå Danmark. – Vi buste inn på cellene og til og med på sjukestova, der ei kvinne låg midt i ei gynekologisk undersøking, seier ho, tydeleg provosert. Tilhøva i rumenske fengsel er likevel betre i dag enn under Ceausescu. – I dag har fengselsbetjentane ei heilt anna innstilling. Men vi har enno ein lang veg å gå, og vi gjer vårt beste med dei midla vi har, seier fengselsleiinga. I 2006 vedtok Romania ei lovendring som jamstiller utdanning med arbeid i fengsla, slik at begge delar gir same rettar. > GRUNDTVIG-PROSJEKTET PANEL • Treårig EU-prosjekt, vert no vidareført i to år til. • Handlar om formell og uformell undervisning i fengsel. 52 > Fagbladet 3/2010 fbaargang2010 fbseksjonKIR