VEGEN TIL FRIDOM
draumar
Førebels jobbar eg, seier ho og held opp eit strameibroderi.
Kvinnene produserer dei i stor stil, og dei vert blant anna selde på utstillingar. Kvinnene får løn, og dei «tener» dagar og reduserer straffa. Det er betalinga for å setje seg på skulebenken eller å jobbe under soninga.
– Det er ingen tvang. Gulrota er at dei innsette tener pengar og dagar, seier fengselsdirektør Mihaela Puscaz.
I årevis har ho jobba for å gjere det lettare å ta utdanning i fengsel, først i Justisdepartementet, og no med å setje ideane ut i praksis, blant anna som ein del av Panel-prosjektet.
70 prosent analfabetisme
Targsor er det einaste kvinnefengselet i Romania. Rundt 600 straffedømde sonar her, inkludert 19 menn som er handplukka til å ta dei aller tyngste
taka innanfor fengselsmurane. Kvinner sonar generelt kortare
straffer enn menn; dei er skuldige i «mildare» lovbrot. Dei fleste kvinnene i Targsor er dømde for tjuveri og ran, og nokre få for drap, stort sett på ektemenn og svigersøner.
NY START: Simona var narkoman, no broderer ho seg mot eit nytt liv etter fire år innafor murane.
– Tre kvinner sonar livstid i Targsor. Under Ceausescu fanst det ikkje livstidsfangar; dei vart avretta, seier tryggingssjef Celestin Branzan. >
Fagbladet 3/2010 > 47
fbaargang2010 fbseksjonKON