VEGEN TIL FRIDOM
Små saumar, store
Simona (30) er blitt rusfri i Targsor kvinnefengsel i Romania, og ho broderer religiøse ikon for å korte ned på straffa. Målet er å stå stødigare på eigne bein når ho blir sett fri om eitt år.
Tekst og foto: HEIDI HATTESTEIN og MARIT BENDZ
Vi møter Simona på cella, som ho deler med sju andre jenter. Ho sit i den eine overkøya som er «territoriet» hennar; det er ikkje mykje privatliv i Targsor kvinnefengsel. Cellene er møblerte med fire køyesenger og ei hylle. Det er knapt med skåpplass og minimalt med rom for personlege eigedelar.
Rosa kosebamsar
Targsor kvinnefengsel i byen Ploiesti i Romania er ei pastellfarga verd. Overalt er det plysjsengeteppe og kosebamsar. Det er søte tøflar og klokker i alle fasongar. Dei viser sekunda som sleper seg av garde og blir til år og rynker i ansikta. Det er det fengsel handlar om.
TRONGT PÅ CELLA: Kring 60 prosent av dei innsette i rumenske fengsel tilhøyrer romfolket.
– Eg sonar fire år for tjuveri etter eit mislukka forsøk på å skaffe pengar til dop, seier Simona og ler. Det gjer ho ofte. Ho er ei glad jente.
– Eg var narkoman då eg fekk dommen på fire år, men eg er heilt rein no. Eg fekk oppfølging med medisin og psykolog her i fengselet, fortel ho på godt engelsk.
Det finst krefter i EU/EØS som jobbar for å hjelpe straffedømde ut av den kriminelle laupebana.
Besøk langvegsfrå
Ein solrik dag i mai 2009 har ei gruppe frå Noreg, Danmark, Belgia og Romania funne vegen til Targsor. Dei er med i eit EU-program som går under namnet Grundtvig-prosjektet Panel.
fengsel ut ifrå tanken om at innsette best bruker soninga til å utdanne seg og/eller få arbeid. Statistikken er eintydig: Utan ein jobb å gå til, eller ein plass å bu, kjem dei straffedømde fort attende i fengsel. Særleg om det er dop med i biletet. Og det er det for kvar tredje fange i Targsor.
Faktisk er narkotika eit relativt nytt fenomen i Romania. Landet har i rekordfart gått frå å vere ein hermetisk lukka tumleplass for Ceausescu (1968–1989) til å bli eit EU-land i 2007. Landet har opna seg for omverda på godt og vondt, inkludert den internasjonale narkotrafikken.
Broderer seg til fridom
Simona tek ikkje utdanning i Targsor. – Akkurat no er det ikkje plass, men
eg håper eg kan begynne til hausten.
> TARGSOR KVINNEFENGSEL
• 600 innsette, derav 19 menn. • Rundt 60 prosent av dei innsette er romfolk. I fengselet er
romfolket ein majoritet, i samfunnet er dei ein minoritet;
2,5 prosent av ei befolkning på drygt 22 millionar er rom. • Drygt 200 tilsette. Forutan fengselsbetjentane er det ein psyko-
log, ein sosialarbeidar, fem lærarar og ein prest.
Deltakarane jobbar med læring i
46 > Fagbladet 3/2010
fbaargang2010 fbseksjonSAM