VIL HINDRA DIGITALT KUNNSKAPSGAP – Det er svært varierande korleis barnehagen nyttar seg av sine digitale verktøy, seier rådgjevar i Medietilsynet Barbro Hardersen. Medan bruken for nokre er tilfeldig eller prega av bekymring har andre ein reflektert bruk og digitale verktøy er godt integrert i det pedagogiske arbeidet. TEKST: ASTRID E. HJELMELAND Bukkene Bruse på badeland Av Bjørn F. Rørvik Illustrert av Gry Moursund Cappelen Damm Her er eit kjent eventyr i ei ny form. Dei fleste kjenner nok til Dei tre bukkane Bruse som skal på setra for å bli feite. Men i denne historia går ikkje alt som det plar, bukkane hamnar nemleg i badeland i staden for på setra. Bjørn Rørvik har eit levande og godt språk i ein svært munnleg drakt. Han skriv nesten på dialekt når han skildrar dialogen mellom bukkane. Og ikkje minst har bukkane fått eit nytt og meir moderne språk. – Please? sa den minste – Da trenger vi ikke gå over brua heller. Det er så skummelt med det trollet, seier den minste bukken når dei bestemmer seg for å heller gå til badelandet. Forfattaren klarer å la bukkane vere bukkar, også i språket. Det er fornøyeleg å høyre brekinga som nesten kjem av seg sjølv når ein les teksten høgt. Når til dømes den mellomstore bukken lurer på om dei heller kan gå å bade: – Det er så kjedeleg oppe på setra. Bare gå der og bre – e – e – ke hele sommeren. Det er også brukt visuelle grep i teksten for å gjere lesinga meir variert. Ord og bokstavar er utheva eller skrive med tjukk skrift. Likevel er det litt vanskeleg å forstå alle desse grepa. Det er ikkje alle uthevingane som er like logiske. Men dei får uansett teksten til å leve. Det er Gry Moursund som står for dei barnslege teikningane. Ho teiknar så truverdig at ein faktisk skulle tru det var borna sin eigen strek som var utgangspunktet. Mange og sterke fargar saman med detaljerte teikningar gir ei biletbok det er verdt å bruke lang tid på. Og her er ikkje minst mykje humor. Dei aller fleste vil trekkje på smilebandet når det store trollet til slutt må opp i den store vannsklia og forsvinn ut av vindauget. Og dei tre bukkane Bruse står sjølvsagt att som heltar. Dette er ei historie barna kjenner. Men med nokre enkle grep og klare kontrastar har Rørvik klart å lage noko nytt og spanande ut av eventyret. Og det utan at den opphavlege handlinga forsvinn. Judith Sørhus Litlehamar Med bakgrunn i eit pilotprosjekt med formål å teikne opp eit bilete av kva mediekompetanse barn har, er Medietilsynet for tida i gang med eit oppfølgingsprosjekt, der målet er å finna ut korleis barnehagen, på eigne premissar, kan ta i bruk digitale verktøy. I Kvalitetsmeldinga ser departementet på digital kompetanse som ein sentralt del av opplæringa på alle nivå. Rapporten Barnehagens digitale tilstand (Bølgan 2009) viste at personalet meiner at dei har for låg kompetanse, og heile 85 prosent ynskjer opplæring i korleis dei skal bruka digitale verktøy i sitt pedagogiske arbeid. Kjenner barnehagebarn i dag til digitale verktøy? På kva måte? – Dei fleste barnehagebarn kjenner til digitale verktøy (DV) før dei byrjar i barnehagen, av di dette er ein naturleg del av heimen og samfunnet i dag. På same tid kjenner mange barn til digitale verktøy i barnehagen som kamera, skannarar, fargeskrivarar og berbare eller stasjonære datamaskinar. Kva har det å seia for barn at dei vert kjende med digitale verktøy i barnehagen? – Born med nettvett vil lettare kunne handtera ubehagelege opplevingar knytte til bruk av digitale medium seinare i livet på ein god måte. Hardersen understrekar at barnehagen er ein del av utdanningssystemet, og at barnehagen i det moderne kunnskaps- og informasjonssamfunnet kan tilby DV som ei kjelde til leik, kommunikasjon, og innhenting av kunnskap utan at dette går ut over meir tradisjonelle aktivitetar. I tillegg til å vera med på å støtta opp og utvikla arbeidet med fagområde, som til dømes språk og teknikk, er barnehagar der DV er ein naturleg del av kvardagen, med på å gje borna ein god start på mediebruk. Dette gir også høve til å utjamna sosiale og digitale skilje, samstundes som reflektert bruk i barnehagen vil vera med på å skapa gode og medvitne mediebrukarar, avsluttar Hardersen. © Torpo barnehage    © Astrid E. Hjelmeland fbaargang2010 fbseksjonKIR