Fokus
Vidar Ulriksen
Statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet
Godstransport på sjø kan vere eit klimavennleg alternativ til vegtransport. I tillegg til klimagevinsten, kan overføring av gods til sjø også føre til færre ulukker og køar på vegane.
Regjeringa ønskjer vekst i sjøtransporten
Sjøtransporten har også eit potensial for å redusere klimagassutsleppa. Her er blant anna utvikling av skip som drives på gass interessant. Slike tiltak er viktige for at sjøtransporten framleis skal kunne vere eit meir miljøvennleg alternativ enn transport på veg.
I Soria Moria II står det at regjeringa ønskjer å stimulere til vekst i sjøtransporten. Dette skal mellom anna skje gjennom:
• Ei moderne- og framtidretta hamne- og farvasslovgjeving.
• Reduksjon i sjøtransporten sine avgifter.
• Tilrettelegging for sampel mellom transportformene.
• Investeringar og vedlikehald av sjøvegen.
Vi har fått ei ny lov om hamner og farvatn. Lova legg til rette for ei effektiv og forretningsmessig hamnedrift, med vekt på kostnadskontroll. Dette vil i sin tur kome brukarane og sjøtransporten til gode.
Dei tradisjonelle hamneavgiftene blir erstatta med alminneleg prisfastsetting for dei hamnetenestene som blir levert, slik at det skal bli eit meir likt konkurranseforhold mellom sjøtransporten og andre transportformer. Dette vil tre i kraft fullt ut frå neste år.
Det er i tillegg blitt enklare å
etablere formålstenlege hamnesamarbeid, slik at infrastrukturen kan nyttast meir effektivt.
I Nasjonal transportplan 2010– 2019 går regjeringa inn for å redusere brukarbetalinga for sjøtransporten. Næringa har i lang tid signalisert at brukarbetalinga er for høg. Dette signalet tek regjeringa på alvor. I statsbudsjettet for 2010 er hamnetryggingsavgifta fjerna og kystavgifta redusert frå 34 til 30 prosent. Samla reduksjon i avgiftene er på 27 millionar kroner.
Frå næringa si side er det særleg peika på at utgiftene til losing er for høge. Eg må først understreke at losing er eit viktig sjøtryggingstiltak for å førebyggje grunnstøytingar og
lostenesta er sendt ut på høyring. Eitt forslag gjer at det skal bli lettare å få farleibevis – krav til fartstid vil bli redusert til fordel for faktisk prøving av den kompetansen navigatørane har.
Det blir også foreslått å endre den generelle grensa for losplikt frå fartøystørring 500 bruttotonn til fartøyslengde 70 meter.
Det er viktig at vi som er opptekne av sjøtransport ikkje ser isolert på denne transportforma. For å bringe varene frå dør til dør, er ein også avhengig av vegtransport. Det kan derfor vere nyttig å ikkje sjå på lastebilen berre som ein konkurrent, men også som ein viktig samarbeidspart.
kollisjonar, og at losing langs norskekysten skal halde fram i offentleg regi. Det er heller ingen planer om å avvikle betaling for bruk av lostenester.
Men – regjeringa er oppteken av at tenestene vi tilbyr er så kostnadseffektive som mogleg. Endringar som følgje av gjennomgangen av
I inneverande nasjonal transportplan vart 31 hamner definerte som stamnetthamner. Dersom vareeigarane skal bruke sjøtransport, er det viktig at tilknytingsvegane er gode for effektivt å bringe varene vidare ut frå hamna.
Hamne- og farvasslova gir heimel til å utpeike hamner som er særleg
36 > Fagbladet 9/2010
«Det er viktig at vi som er opptekne av sjøtransport ikkje ser isolert på denne transportforma. For å bringe varene frå dør til dør, er ein også avhengig av vegtransport.»
fbaargang2010 fbseksjonSAM