Stolte over resultatet Anne Stapnes, omsorgsleiar i Birkenes kommune og leiar i prosjektgruppa, var nøgd då Stami presenterte ei kartlegging av arbeidsmiljøet i oktober. – Samanlikna med kartlegginga i 2008 var vi betre på nesten alle variablar som vart målte, seier Stapnes. Særleg stor var framsteget på sosialt klima. – Resultatet er positivt. Stami, som gikk gjennom undersøkinga hos oss, meiner vi bør være stolte over resultatet. Og det er vi, seier omsorgsleiaren i Birkenes. erande gruppesjukepleiaren på natt. Ho har vore med av og til. Men alle får eit informasjonsbrev ein eller to gonger i månaden. Det er særleg av omsyn til dei som ikkje har vore på onsdagsmøtet. Mykje etisk refleksjon Dei tilsette på Birkenes sjukeheim er ifølgje institusjonsleiaren særs interesserte i fagleg oppdatering og etisk refleksjon. Tre av gruppesjukepleiarane har tatt eit 30 timers kurs i geriatri. Åtte frå ei av langtidsavdelingane tek no kurset Eldreomsorgas geriatriperm, og sju har tatt kurset som skal gjere dei i stand til å leie grupper som arbeider med boka Hjerte, hode, hender. To av dei leier no ei gruppe med etisk refleksjon med deltakarar frå alle avdelingar. DET VERKER: – Det vi har gjort, er ikkje så fint og flott, men det fungerer godt, syns Torunn Berget (t.v.) og Gunnhild Svaland. Hjerte – hode – hender Handboka «Hjerte – hode – hender. Et refleksjonsverktøy for mestring i pleie- og omsorgstjenesten» er skrive for tilsette i pleie- og omsorgstenesta for betre å meistre krevjande oppgåver og etiske dilemma. Les meir på ks.no eller www.afi.no, heimesida til Arbeidsforskningsinstituttet. – Også leiinga bruker kvart anna møte til etisk refleksjon, og ofte nyttar vi delar av onsdagsmøta til det. Dessutan er det mykje refleksjon når tilsette møtast i pausane, fortel Liv-Heidi Eines og viser fram to kortstokkar som ofte blir nytta, den eine ei samling med etiske dilemma frå Fagforbundet, den andre frå Sjukepleiarforbundet. tande at det gikk ut over dei som var friske. Arbeidstilsynet foreslo tydelege rutinar for tilrettelegging. Det forslaget var gull verdt, seier ho. Eines og resten av prosjektgruppa er difor Tidlegare var tilrettelegginga så omfattande at det gikk ut over Gode hjelparar dei som var friske. LIV-HEIDI EINES Sjukeheimen har samarbeidd med Arbeidstilsynet og Nav i samband med prosjektet. – Dei sit med kompetanse, og det har vore nyttig å få inn deira perspektiv i mange saker, seier Liv-Heidi Eines. Ho nemner til dømes nye rutinar for tilrettelegging. – Tidlegare var tilrettelegginga så omfat- glad for at dei kan fortsetje å dra vekslar på kompetansen i Nav og tilsynet. Ein annan suksessfaktor er ifølgje medlemma i prosjektgruppa at dei hadde omsorgssjefen i kommunen som prosjektleiar. På den måten vart arbeidet godt forankra i kommuneadministrasjonen. 36 > Fagbladet 12/2010 fbaargang2010 fbseksjonHEL