PiRion – kulturavis for barnehagar og skular Hallo planeten! Av Anna Fiske Cappelen Damm Gunnar, Bob, Siv, Mona, Varulven og Havfruen vil bu på planeten. Det er dei ikkje åleine om. Kvar dag dukkar det opp nye vesen som vil busetje seg der. Hallo planeten! er ei myldrebok, det vil seie at kvar einaste side kan studerast mange gonger og kvar gong vil du oppdage noko nytt. Anna Fiske, som har skrive teksten og laga illustrasjonane, har tidlegare skrive Hallo jorda! og Hallo byen! Dei fargerike teikningane er naive og morosame, og det same er alt det rare som skjer på planeten. Du kan sjå flygande hus og juletre, ei hårklippande raud larve med svarte prikkar, ein grøn slange med kvite prikkar som er så lang som fleire gongar rundt planeten, smilande sol med solbriller og hunden Laika, som sjølvsagt også er med. Vi får sjå kva som skjer i løpet av 15 dagar på planeten. Historia begynner ein måndag og held fram til og med tysdagen meir enn to veker etterpå. På den eine sida fortel forfattaren om noko som skjer, på den andre sida blir du beden om å finne visse ting på planeten. Oppsettet er fast og gjennomført, slik at du lett kan forstå korleis du skal lese og forstå biletboka. Hallo planeten! har ei fantasiverd som både barn og vaksne lett kan setje seg inn i. Det som blir for bisart for dei vaksne, trur eg barna lett vil godta og le av. Hallo planeten! kan underhalde lenge. Distribuert med Fagbladet Mat er viktig, men ord er nødvendige, seier Erna Osland. I denne utgåva av Pirion gir vi deg eit lite utval av det nødvendige. Bokhausten har vore rik, og vi får slett ikkje plass til alt i denne utgåva av Pirion. Men eit knippe skal du få, og fleire finn du på www.pirion.no. God bok! Spring, hesten, spring Av Inger Lise Belsvik Samlaget Me er mange som har gledd oss over Inger Lise Belsvik som illustratør, no debuterer ho også som forfattar. Spring, hesten, spring er ei biletbok i ekte Belsvik-tradisjon, med sine store, varme og fargerike illustrasjonar som kommuniserer med teksten på ein heilt spesiell måte. Me får vere med ein liten gut og hesten hans på ei farefull ferd gjennom lufta, over ei strid elv og forbi ein stor vulkan. Hesten treng hjelp til noko, men kva kan det vere? På andre sida av vulkanfjellet får me svaret. Der ligg nemleg ein liten fole som er skada. Teksten er ein heilt naturleg del av illustrasjonane i denne boka. Orda fylgjer handlinga på ein fin og var måte, dei ligg som graset når vinden bles, og er som bølgjer når dei kjem i elva. I mange tilfelle kan slike tekstgrep bli for mykje eller på feil plass. Men her glir ord og teikningar saman og gir oss som lesarar ei sterk oppleving av heilskap. Samstundes er det framleis teikningane som er Belsvik sitt sterkaste kort. Forteljinga har ein tydeleg eg-person, som me fylgjer. At me ser handlinga frå guten sin ståstad, gir oss også eit tettare forhold til historia og kva som kjem til å skje med hesten og guten. Dette er ei biletbok du truleg blir så glad i at du har lyst til å krype inn i ho. Raude, ville geiter Av Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal Samlaget Denne biletboka er ei ekte fantasireise, der jentene Inga og Alma drøymer seg vekk i garnnøsta til Besta. Medan Besta sit i godstolen og strikkar, leikar nemleg jentene med garnet, og snart har kvart garnnøste blitt ein liten sau. Det blir både blå, rosa, svarte, oransje og lilla sauer. Og ikkje minst ei raud geit. Jentene veit godt at garnet kjem av ull, og at ull kjem frå sauen. Men midt blant desse sauene er det ei ekte villgeit, ei raud villgeit. Alma og Inga prøver å fange geita, noko som blir ei ferd gjennom stova, kjøkkenet, badet og under bordet, heilt til geita blir eten opp av ei stor og farleg løve. Boka har ei god historie, som inspirerer til fantasi og til at borna kan drøyme seg vekk i kvardagslege ting. Eit raudt garnnøste kan nemleg like enkelt vere ei ekte villgeit. Og å krype under stovebordet kan vere akkurat like vanskeleg som å vasse ei stor elv. Historia tek også opp spørsmålet om kva ull er, og kvar det kjem frå, noko som kan vere både nytt og overraskande for mange. Teikningane er i friske fargar, og det er spanande å fylgje den raude tråden gjennom huset på leit etter villgeita. Tenk om ho er oppeten av ei ekte løve? Judith Sørhus Litlehamar Elin Moen Karlsen Judith Sørhus Litlehamar BOKMELDINGAR nr. 8 2010 LES FOR MEG! fbaargang2010 fbseksjonKIR