Demensutdanning På fjorden er det vinden som rår. På land er det dei stupbratte fjella og dei dramatiske fossefalla. Vel inne på sjukeheimen i Jondal i Hardanger er vi avskjerma frå lyden av vind og vatn. Her er stilt. Det er veldig stilt på gruppe 1. Her bur ingen pasientar som plagast til høge rop eller endelaus vandring. Her er heller ingen pleiarar som spring att og fram på klaprande skor. Det hender dei kjem frå andre avdelingar og stussar over kor roleg det er her, og om vi kanskje har ein pleiar til overs. – Men det er ein grunn til at det er så roleg her, seier Martha Håvik. Tilbake til skulebenken To hjelpepleiarar og ein omsorgsarbeidar er no studentar på andre året ved Fagskolen aldring og helse i Tønsberg. 34 > Fagbladet 2/2011 Til stades med alle sansar Heile tre av pleiarane på sjukeheimen har tatt Fagskolen. Solid kompetanse gjer det enklare å reflektere og handle klokt. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EIVIND SENNESET fbaargang2011 fbseksjonHEL