Etter jobb Tekst: SIDSEL HJELME Foto: ANDRE PEDERSEN 62 > Fagbladet 2/2011 Magne er ikkje smitta av Birkenbasillen. Han er opphavet til den. I år stiller han på startstreken for 13. gong. Full fart mot Birken Magne Hoel Alder: 61 år Stilling: Elektromontør ved Tafjord Kraft AS, Valldal Sivilstand: Sambuar med Bente Fritid: Går Birken for 13. gong. 7. trippeldeltaking  skirenn, sykkelritt og løp. I tillegg frivillig arbeid for Valldal IL. Dette er føre for gamle ski! Magne Hoel spenner frå der snøen enno kjempar for å vinne over blåbærlyng og småstein. Han håper den snøfattige delen av vinteren snart er over. Magne starta første gong i Birkebeinerrennet i 1994, og sidan har det balla på seg slik at han no er med både på renn, løp og sykkelritt over fjellet frå Rena til Lillehammer. I snitt trenar han trefire gongar i veka året rundt. Tysdag er det lysløypa, torsdag er det fellestrening med sirkel og styrke, og i tillegg eit par treningsøkter i helgane. Det nyttar ikkje med skippertak. Eg må trene jamt heile året for å henge med. Drivkrafta er gleda over å røre på meg, seier Magne, men innrømmer at det også ligg eit lite konkurransemoment bak innsatsen: naboen. I fjor var han tolv sekund før meg, året før 37, så eg har tatt litt innpå, smiler Magne, som går fleire turrenn kvar sesong. Han har også vore med på fleire store utanlandske renn. Marcialonga i Italia for to år sidan er eit førebels høgdepunkt og freistar til gjentaking. å delta i renn er også sosialt, fordi vi reiser fleire saman, og det skjer mykje utanom sjølve rennet. Det kostar å ha ein slik hobby? Ja, eg har kjøpt to par nye ski og sykkel til komande sesong, så det går ein del til utstyr. Så kjem reise og deltakaravgift i tillegg. Kva er det verste som kan skje under rennet? Det er når du må smørje om undervegs. Då ser du ei elv av løparar som renn forbi deg.  Du er 61 år; kor lenge kan du halde på? Eg må i alle fall halde ut til eg er 65. Då kjem eg i ei klasse som får starte tidleg, og dermed er vi sikra ei god løype.  Kor mange kilometer i løypa blir det i løpet av ein sesong? Nei, det veit eg ikkje. Du skriv vel opp når du trenar? Ja, eg gjer det.  Men då veit du vel kor langt du går? Nei, eg har aldri summert, ler Magne og forsvinn på ein ny runde i lysløypa. Birken-rennet går 19. mars. Følg Magne eller andre du kjenner på http://resultatservice.birkebeiner.no fbaargang2011 fbseksjonKIR