www.pirion.no
PIT PARION
Jakob og Neikob på mange måtar
D et var 22. november i fjor. Animasjonsfilmen Jakob og Neikob, laga av Martine Grande med utgangspunkt i den herlege barneboka til Kari Stai, skulle sendast på NRK Super. Toåringen min sat
som vanleg i stolen sin og såg på Barne-TV, men då Jakob og Neikob kom på skjermen, spratt ho ut av stolen og sprang. Nokre sekund etter kom ho attende med bokutgåva av Jakob og Neikob i hendene. Ho sette seg ned att i godstolen
sin, plasserte boka i fanget og såg vidare på filmen. Boka og animasjonsfilmen høyrde tydelegvis saman, slik ho såg det. På
slik som til dømes tøydokkene av Bø og Bæ, puslespelet med Veslefanten og liknande.
At born gjerne liker å sjå ting i fleire medium, bør sjølvsagt utnyttast i barnehagekvardagen. For dei kan jo få i oppgåve å laga nokre av variantane sjølve. Det er ein fin arbeidsmåte å nytta eitt
kunstuttrykk som utgangspunkt for å skapa eit anna. Å lata borna teikna og måla med utgangspunkt i
forteljinga i ei bok er til dømes ein innarbeidd arbeidsmåte i mange barnehagar. Men det er sjølvsagt mogleg å gjera det andre vegen òg, ved at borna får samarbeida om å dikta ei forteljing med utgangspunkt i eitt eller fleire bilete.
I Trollsletta barnehage i Volda har Reidun Åslid Bjørlykke frå Høgskulen i Volda gjennomført eit spanande prosjekt. Der fekk borna arbeida med å komponera musikk med utgangspunkt i den alt nemnde forteljinga om Jakob og
Neikob. Dei las forteljinga, plukka ut element som skulle lydleggjast, og teikna symbol for lydane dei skulle laga. Til sist fekk borna spela musikken sin til animasjonsfilmen. Du kan lesa meir om dette opplegget på Nynorsksenteret sine vevsider om nynorsk for dei minste; www.nynorsksenteret.no/born/ er adressa. Der finn du dessutan animasjonsfilmen om Jakob og Neikob og andre nynorske animasjonsfilmar.
Arild Torvund Olsen er administrasjons- og kommunikasjonskonsulent på Nynorsksenteret
same viset har ho det når ho ser Timmy-tid på fjernsyn. Då skal ho ha Timmy-sauen sin i fanget medan ho ser på. Det kan sjå ut til at ho slik synleggjer for seg sjølv og andre at ting heng saman – at det er same forteljinga i boka og på fjernsynet, at det er same sauen i fanget og på skjermen. Når ho har ting i fleire medium, fører det dessutan gjerne til at ho liker dei betre. Konkrete, fysiske objekt, til dømes bøker, gjer at filmane vert meir stas, leikety gjer at bøkene vert meir stas, og slik held det fram i ei uendeleg rekkje av samanhengar. Det er mellom anna difor eg tykkjer det er bra og viktig med «stæsj» til nynorske barnebøker,
Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie,
kor hentar barna opplevingar frå?
PiRion-kurs Les meir på www.pirion.no
PiRion
Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 3/2011, 12. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Vatlandsvåg, 4235 Hebnes Tlf: 52 79 04 82, faks 52 79 04 81. Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:Salikatdesign
© Arild Torvund Olsen
fbaargang2011 fbseksjonKIR