NOK HJELP: – Brukarane får ikkje meir hjelp enn dei treng. Men dei har krav på nok hjelp – også når dei har psykiatriske problem, meiner Liv Nygard, Berit S. Tokheim, Karen Elise Berge og Torill Hovden. Psykiatriske tenester til personar med kognitiv svikt Personar med utviklingshemning får ofte ikkje tilgang til psykiatriske tenester. Dette trass i at alle etter lova har lik rett til hjelp. Og trass i at personar med kognitiv svikt har mellom 1,5 –3 gonger så høg hyppigheit av psykiske lidingar som befolkninga elles. Kjelde: Naku-rapporten Utviklingshemning og psykiske helsetenester (2008) alltid er ein eller to i ei gruppe som gjer meir av seg enn dei andre. Når nokon er aktive og krev mykje merksemd, kan det somme tider bli for liten plass til andre. – Då må me vere observante, seier Karen Elise Berge og understrekar at kvar og ein vert sett og får omtanke utifrå sitt behov. Når noko er gale For personalgruppa på Kalhagen er det ein sjølvsagt ting at menneske med kognitiv svikt skal ha same tilgang på psykiske helsetenester som andre folk. – Vi er flinke til å fange opp psykiske endringar, og av di me kjenner brukarane godt, ser me fort om noko er gale, seier leiaren på Kalhagen. Men ho legg til at det er ei ekstra utfordring at mange av brukarane ikkje klarer å forklare kva som er vondt eller vanskeleg. Om noko er gale, tek dei det fort opp i personalgruppa. Og det er ei gruppe med høg realkompetanse. – Etter 20–30 år er sekken med kunnskap rimeleg full, meiner Nygård. Men om dei likevel ikkje finn ein måte å takle problemet på, har dei eit kontaktnett av fagpersonar utanfor som dei kan be om hjelp og tenester frå. Godt samarbeid Ein av dei psykiatriske sjukepleiarane har jamleg kontakt med bustaden. Også ho kjenner bebuarane godt. Det gjer at ho er lett å bruke når dei tilsette ved bustaden er usikre. – Det er også godt at nokon er så tett på at dei ser kva me gjer. At utanforståande kan komme inn, er med på å sikre kvaliteten på tenestene, seier Liv Nygard. Også ansvarsgruppa rundt kvar brukar speler ei viktig rolle for brukarane. Her sit gjerne folk frå vaksenopplæringa eller arbeidsplass, hjelpeverje og pårøyrande i tillegg til primærkontakt, leiar på bustaden og brukaren sjølv. Kalhagen har dessutan eit godt samarbeid med Distriktspsykiatrisk senter på Voss og med fastlegane. – Legane er velvillige. Dei tek oss på alvor og følgjer oss opp, meiner Nygård. Gjennom eigne observasjonar og godt samarbeid med kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta er bebuarane på Kalhagen sikra oppfølging når dei treng det. Fagbladet 9/2011 > 33 fbaargang2011 fbseksjonHEL