Alle har rett til å få kjeft
om dei ikkje kjem. Det syner at dei er naudsynte
ODD ATLE STEGEGJERDET, DAGLEG LEIAR ATS
og klarer det, gjer det noko med haldningane til folk. Både dei som er yrkeshemma og dei som kjøper tenester, ser at moglegheitene er fleire enn me trudde, seier Stegegjerdet.
Transporttenesta er omfattande. Dei køyrer mellom anna tøy til og frå eige vaskeri og mat frå kjøkenet. Tre karar er også engasjerte i postruta til kommunen.
Viser at dei kan
Ynskjet om å endre på etablerte og begrensande haldningar har motivert Odd Atle Stegegjerdet til å finne nye oppgåver for ATS. Difor har dei tilsette og brukarane fleire oppgåver enn dei som tradisjonelt høyrer til på eit slikt senter.
Han likar at folk må spørre seg: Går dette an å gjere for folk med yrkeshemming? Kan folk med utviklingshemming klare noko sånt?
Og ikkje minst likar han at dei får det til.
– Pris og kvalitet gjer at me er etterspurte på mange område, slår han fast.
Så her pakker dei strøsand; private verksemder engasjerer dei for å pakke og sende ut julegåver til tilsette og kundar; dei ordnar opp i hagen til folk, og dei sel filler til industrien som nyttar bomullstøy i staden for tvist. I tillegg driv dei vaskeri – med mange private bedrifter, kommunale einingar og privatpersonar som kundar, og kjøken som produserer mat til møter og selskap både i kommunal og privat regi.
Infiltratørar
Brukarane på Luster ATS er ei samansett gruppe. Det einaste dei har til felles, er at dei
er yrkeshemma. Dei som har kognitiv svikt eller annan funksjonshemming, eller eit rusproblem, har ofte eit altfor lite sosialt nettverk.
– Når me leverer produkt og tenester, veks det fram kontaktpunkt mellom brukarane som arbeider her og dei øvrige innbyggjarane, seier Odd Atle Stegegjerdet.
– Når folk frå senteret arbeider nokre timer i hagen til folk, blir dei også kjende med kvarandre. Alle kundar betyr eit nytt kontaktpunkt mellom senteret og brukarane våre og lokalsamfunnet, seier Stegegjerdet.
– Slik infiltrerer me lokalsamfunnet, smiler han, med von om at nye haldningar til folk med yrkeshemming veks fram.
Catwalk
Ei av dei morosame oppgåvene Odd Atle Stegegjerdet kan sjå tilbake på, er då ein tekstilbedrift hyra inn ti brukarar til catwalk med moteklede.
– Her er mange private bedrifter med kreativt engasjement, sier han. Dagleg leiar
ved ATS er takksam for at så mange privatpersonar og private verksemder ynskjer å inkludere dei som av ein eller annan grunn kontinuerlig eller for ein periode har falle utanfor den ordinære arbeidsmarknaden.
Den lokale Ap-politikaren er ikkje glad for å måtte seie at det iblant er problematisk å få oppgåver frå offentleg verksemd. Kommunen er riktignok ein viktig samarbeidspartnar, men dei har også sine tilsette og sine tillitsvalde. Då kan det verte konflikter når ATS og dei tilsette konkurrerer om dei same oppdraga.
Rett til kjeft
Eit arbeids- og treningssenter kan vere vegen frå eit tilvere utan kontaktnett, oppgåver og ansvar til ei rolle i samfunnet. Odd Atle Stegegjerdet trur det er viktig at nokon reknar med at du kjem på jobben, og at du tek ansvar for å utføre oppgåver.
– Alle har rett til å få kjeft om dei ikkje kjem. Det syner at dei er naudsynte, seier han.
ULIKE TILBOD
ATS: Arbeids- og treningssenter, blir administrert og finansiert av kommunen. Tiltak som Nav administrer og finansierer: VTA: Varig tilrettelagd arbeid.
ASVO: Tidligare brukt om Arbeidssamvirke i offentleg sektor. Vekstbedrift: Nyare nemning for ein kommunal bedrift som organiserer VTA, normalt eit aksjeselskap med kommunal aksjemajoritet.
36 > Fagbladet 10/2011
fbaargang2011 fbseksjonHEL