Sogn og Fjordane teater i fylket. – Det var grusomt. Eg klarte ikkje å han- trur eg har grått frå meg alle tårene. Eg kan BARNDOM VART TEATER: Reinhaldar Tor Henning Karlsen (t.v.) blir spela av skodespelaren Kyrre Eikås Ottesen. møtte meg når eg kom heim. Etter kvart som skast med det; det enklaste var å vere ein annan. Han drikk sakte frå glaset med cola light. Røysta hans er klår, og historia sterk. Men hendene hans er aldri i ro. Anten snurrar han på glaset sitt, eller pirkar på usynlege flekkar på fingrane. Han seier at han har det bra no, og at han ikkje har noko å klage over. Så kikar han ut gjennom vindauget. Etter ei lita stund fortel han at fortida hentar han inn med angst og depresjonar. Ho tappar han for krefter. – Eg har lurt på kvar eg tok styrke frå. Korleis eg heile tida klarte å fleipe det vonde vekk. No klarer eg ikkje lenger å gråte. Eg bli rørt, men det skal mykje til før eg græt. Mor si støtte Tor Henning fortel at elevane gjorde narr av han for måten han var kledd på, måten han snakka på og måten han gjekk på. – Nokre gonger lurte læraren på kvar eg var når skuletimen skulle setje i gong. Då hadde dei gjerne bunde meg til eit leikeapparat bakom skulen. Andre gonger kom han seg vekk og la på sprang heim til mor, utan ranselen. – Det vart skrive opp som fråvær. Lærarane ringte heim og sa at eg hadde stukke av. I starten vart eg redd for kva som mor skjønte kor ille det var, sa ho at eg ikkje skulle tilbake på skulen før det vart betre for meg der. Lesarinnlegg, intervju og rettssak Det var først då han byrja på folkehøgskule i Ulsteinvik at Tor Henning fekk venner som ville vere i lag med han. – Åra på Sunnmøre Folkehøgskule var dei beste åra nokon gong med tanke på skulegang. Det å bli verdsett som eit heilt menneske, seier han og smiler. Tor Henning søkte seg inn på vidaregåande skule, og kom inn på hotell- og næringsmiddelfag. > Fagbladet 10/2011 > 9 fbaargang2011 fbseksjonSAM