Fagskoleutdanning i barsel og barnepleie: • Gand opplæringssenter er knytt til Gand vidaregåande skole i Sandnes og Rogaland kurs- og kompetansesenter. Fagskoleutdanninga i barsel og barnepleie på Gand er nett godkjend av Nokut slik at elevane kan få lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning. • Fagskole er for personar med fagbrev. • Barsel og barnepleie er ei tilleggsutdanning for helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar. Andre som har fagbrev eller vidaregåande skole innanfor helse- og sosialfag, kan óg søke. Opptak basert på realkompetansevurdering er også mogleg. • Inga Sandnes, kurskoordinator ved Gand opplæringssenter, opplyser at dei har elevar frå heile landet. Elevane skal møte ein dag i veka. Dei som ikkje bur i nærleiken, kan nytte Det elektroniske klasserommet og delta på samlinga via videokonferanse. Dei som tar ei nettbasert utdanning, blir Kan ikkje unnvere barnepleiarane I Stavanger må alle hjelpepleiarane på føde- og barselavdelingane ta tilleggsutdanning på fagskolen. Dei får også mykje fagleg påfyll saman med jordmødrene. Dei har høg kompetanse, og blir verdsette. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: GRETHE NYGAARD Theres Tollefsen på barselavdelinga og Klara Lybekk på fødeavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) har begge tatt tilleggsutdanning i barsel og barnepleie. – Da eg var inne til intervju på jobben, forstod eg at det var viktig at eg hadde planar om å ta fagskolen, fortel Tollefsen. Dei to har ynskja å arbeide med nyfødde sidan dei utdanna seg til hjelpepleiarar. Og etter at dei vart tilsette, venta dei berre på neste opptak på fagskolen. I 2008 kunne dei byrje på Gand opplæringssenter i Sandnes, og etter to års deltidsstudium var dei ferdig utdanna spesialhjelpepleiarar i barsel og barnepleie. Drivande flinke Oddrun Hompland, overjordmor på Fødeavdelinga, ser verdien av å ha godt utdanna barnepleiarar. – Barnepleiarane er drivande flinke til å observere barn, og dei er heilt nødvendige her, seier ho. Overjordmora merkar særleg at dei saknar dei faste barnepleiarane med høg kompetanse og mykje erfaring når det er ferietid. – Da får vi bekrefta nytten av fagskoleutdanninga og fagleg påfyll, seier ho. Hompland finn det heilt naturleg at ein vikar som berre har ei generell utdanning som helsefagarbeidar, ikkje fullt ut kan fylle rolla til ein barnepleiar. – Dei er innom mange fagfelt, og kan ikkje lære alt som trengs på ein fødeeller barselavdeling, seier ho. Treng å fordjupe seg Theres Tollefsen og Klara Lybekk kjende at dei trong tilleggsutdanning, og er glade for at dei har ein fagskole i distriktet. – Teorien var interessant, men like nyttig var det kanskje å møte folk med ulik yrkesbakgrunn, meiner dei to. I klassen var dei 14 elevar med bakgrunn frå mellom anna barnehage og sjukeheim. 30 > Fagbladet 11/2011 fbaargang2011 fbseksjonHEL