Eit løft
for alle
Alle dei som arbeider med personar med utviklingshemning i Karmøy har fått fagleg påfyll. Uansett fagleg bakgrunn hadde alle nytte av e-læringsprogrammet Mangfold og muligheter.
Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: GRETHE NYGAARD
– For oss var kapitlet om utfordrande atferd mest interessant, syns Linda Cathrin Bjørndal og Borgny Haga Simonsen, to av deltakarane på kurset. Dei har begge fleire års erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemning, også med personar som blir rekna som svaktfungerande.
Dei 15 tilsette på Aktivitetshuset Eide møttes fire gonger for å gå gjennom e-læringskurset Mangfold og muligheter frå Samordningsrådet for personer med utviklingshemning (SOR). Også vikarar tok del i kurset.
Treng alltid påfyll
Linda Cathrin Bjørndal er utdanna hjelpepleiar, medan Borgny Haga Simonsen er utdanna lærar. Begge var frå før kjende med utfordringar knytta til å førebyggje vanskelege situasjonar og utfordrande åtferd.
– Lovverket er endra sidan eg tok utdanninga. Dessutan er temaet oppe med jamne mellomrom
30 > Fagbladet 1/2012
RELEVANT: – Særleg utfordrande åtferd kjentes relevant for oss, seier Borgny Haga Simonsen (t.v.) og Linda Cathrin Bjørndal.
fbaargang2012 fbseksjonHEL