FAGBØKER MED VAKSENSPRÅK TIL BARN Askeland og Maagerø har plukka ut rundt 25 fagbøker for barn mellom tre og fem år, som dei har gått djupare inn i. – Vi ønskte å få vite meir om fagbøker for små barn og kva tekstar barn møter i slike bøker, fortel Eva Maagerø, som er dosent ved Høgskolen i Vestfold, der ho og professor Norunn Askeland mellom anna underviser i faglitterær skriving. Ho peikar på at det finst mange fagbøker for barn på marknaden. – Det er mange gode bøker på marknaden, med spennande bilete og godt språk, men det er også bøker som ber preg av å ha blitt laga litt raskt. Dette gjeld spesielt bøker som er omsette til norsk frå eit anna språk, seier Maagerø. – Dei bruker det same biletmaterialet som boka har på originalspråket, og for at det skal stemme grafisk, må den norske teksten stå på same side og ta omtrent like mykje plass. Då er det ikkje alltid språket blir så bra, held ho fram. Ho fortel om eit døme med ei tredimensjonal bok med sprettopp-illustrasjonar, som er del av ein fagbokserie frå Storbritannia. – Vi observerte ein førskulelærar lese frå denne boka for to barn i førskulealder og filma det. Barna var veldig interesserte og engasjerte i dei spennande illustrasjonane, men når førskulelæraren skulle lese for dei, mista dei raskt interessa og ville bla vidare. Fagspråket som blei brukt, var for vaksne, og dermed blei det ikkje ei fagbok som eigna seg godt for barn, slår tekstforskar Maagerø fast. Viktig med fagterminologi Ho understrekar at det godt kan vere faguttrykk med i fagbøker for barn. – Det er viktig at barn møter faguttrykk og faglege omgrep. Det er ofte vaksne som er redde for fagterminologi, ikkje barn. Små barn synest det er morosamt å møte nye ord som dei ikkje har høyrt før, men språket kan ikkje vere komplekst på alle måtar, og faguttrykka må forklarast gjennom tekst eller illustrasjonar, seier Maagerø. Det at barn i førskulealder ikkje les sjølve, men blir lesne for, er avgjerande for kva dei får med seg av tekst. – Munnleg språk er flyktig, situasjonen er intens, og då kan ikkje språket vere fullt av abstrakte ord og kompleks grammatikk, meiner tekst- forskaren. Askeland og Maagerø er ikkje itvilomat det er viktig med fagbøker for barn. – Ein kan ikkje sjølv kome i kontakt med alle ting og gjere førstehandserfaring. Då kan ein utvide erfaringa si gjennom bøker. Slike bøker er også viktige for språkutviklinga. Skal barnet møte den faglege verda, bli interessert i det som skjer, og utvikle eit språk som tek barnet inn i skulen på ein god måte, så er fagbøker viktige, slår Maagerø fast. Illustrasjonsbilete fbaargang2012 fbseksjonKIR