www.pirion.no PIT PARION Barnebokmonsteret kjem! Kodeord: Dumme spørsmål. Eg er eit monster. Eg er sint! Det har ikkje alltid vore slik. Før var eg blid og glad. Eg har nemleg hatt den store gleda, for det har det verkeleg vore, å lese alle nynorske barnebøker og reise rundt i det ganske land, sånn omtrent, og fortelje om dei. I fem år! Det som opprører meg meir og meir til meir eg driv på, er denne setninga her: – Det finst så lite på nynorsk. Fordi denne setninga alltid blir sagt, same kvar eg kjem og kven eg snakkar til. Ta no og slutt med det der, elles blir eg eit monster! Ser eg ikkje sint ut? Nei, eg gjer kanskje ikkje det. Eg smiler og svarar alltid eitkvart diplomatisk. Eller? Eg er sanneleg ikkje heilt sikker lenger, etter kvart blir det vanskelegare og vanskelegare å klistre på smilet og nikke forståelsesfullt når denne setninga kjem. I pausen over den lunkne kaffien eller i plenum rett før lunsj, når alle tenkjer på mat. – Men du? Koffår finnes det så liite på nynårsk? (Ja, dei er faktisk oftast frå Bergen, dei som tek ordet og spør om slikt.) om korleis dei ville arbeide for utviklinga av barnelitteraturen tidleg på syttitalet. – Det er med nynorsken som med kvinnene; kvinnene må vere ekstra flinke, og dei nynorske bøkene må vere ekstra gode, forklarte Guri Vesaas, den gongen nytilsett barnebokredaktør i Det Norske Samlaget. Så gjekk det som det gjorde, vi fekk fram ei perlerad av dyktige forfattarar, fantastiske illustratørar og altså: skikkeleg gode bøker Janne Karin Støylen Litteraturmedarbeidar, Nasjonalt senter for nynorsk opplæring for born. Og ikkje så reint få heller! Dermed har vi ei fullstappa, førsteklasses barnebokhylle med bøker for dei aller minste, som Mopp og Mikko og serien om Veslefanten, bildebøker i massevis av aller beste kvalitet, bøker om bokstavar, tal, former og fargar når den tid kjem, bøker til å lese sjølv, lytte til som lydbok og best av alt: bøker til å lese høgt. Bøker som blir omsett til russisk og kinesisk fordi dei er så utruleg gode! Bøker til å vente ved postkassen for kvar einaste dag; kanskje kjem neste bok i serien om Cherub-agentane i dag? Neste bok om Drakeguten? Neste bok om Harry og Ivar? Seriøst, folkens! Det finst ikkje lite på nynorsk. Det er ei myte som vi forsterkar kvar gong vi gjentek spørsmålet. Klart vi ynskjer oss meir! Meir lettlest, meir fagprosa, fleire grøssarar, meir, meir, meir. Eg skriv akkurat på ein slik grøssar, forresten. Om laboratoriet eg har i løa, der eg snart Det kjem mellom seksti og sytti nye titlar for barn og unge på nynorsk kvart år. Det er sjølvsagt færre titlar enn på bokmål. Som de skjønar, er eg i det lunefulle hjørnet, så eg vil ikkje skrive kor mange som kjem på bokmål. Det er ikkje viktig i det heile teke! Ikkje i denne samanhengen. Det vi skal konsentrere oss om, er alle som kjem på nynorsk. Dei skal vi snakke om, dei skal vi lese, dei skal vi låne, og dei skal vi kjøpe. Og så skal vi slutte å klage, vi har nemleg ingenting å klage på! Tvert i mot. «Skal den nynorske barnelitteraturen overleve, må han vere best.» Slik formulerte Einar Økland og Guri Vesaas grunnsetninga vil bli til barnebokmonsteret på ekte! Kodeord: dumme spørsmål! Det er ikkje det at eg ikkje skjønar kvifor folk spør. Dei spør fordi dei ikkje finn bøkene på bokhandelen. Kanskje ikkje alltid på biblioteket heller. Det er ei anna sak. Det er eit problem, men det kan løysast. Fordi bøkene finst, og fordi bøkene er gode. Det er ekstra viktig at dei borna som skal lære å lese og skrive nynorsk på skulen, blir lesne for på nynorsk i barnehagen. Det skal eg skrive om neste gong det er min tur i denne fine spalta. Vil eg framleis vere eit monster? Det kjem an på spørsmålet! Bli tingar og få Pirion i posten 8 gonger i året PiRion-kurs Les meir på www.pirion.no for kr 235,- PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRIONERSTØTTAAVKUNNSKAPSDEPARTEMENTET,FAGFORBUNDETOGLNKPIRION3/2012,13.årgangen–ISSN1502-3036 Utgivar:StiftingaPirion Adresse:Pirion,Vatlandsvåg,4235HebnesTlf:52790484,faks52790481. Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@pirion.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:Salikatdesign © Astrid E. Hjelmeland FØLG OSS PÅ FACEBOOK OG TWITTER fbaargang2012 fbseksjonKIR