¸ˇ Det er barnebokforfattarane som skal gje ungane våre leseglede og leselyst, som skal prega unge sinn med leseopplevingar som kanskje formar dei for livet. Dette er orda til Hege Myklebust i Pit Parion i utgåve nummer to i år. I denne utgåva av Pirion får du presentert eit knippe av dei barnebøkene som har kome ut våren 2012. Fleire lesetips finn du på nettstaden vår Pirion.no under les for megª. PRINSESSER OG DRAKAR Av: Christina Bjork og Eva Eriksson Samlaget 2012 Her er sju eventyr samla, eitt eventyr for kvar dag. Trass i at prinsesser og drakar alltid har høyrt til i eventyr, er alt snudd på hovudet i denne boka. Her er det nemleg prinsessene som har kontroll på drakane, ikkje omvendt. I denne boka er prinsessene slett ikkje skuggeredde og avhengige av å få hjelp, men klarer seg godt på eiga hand. I tekstane er det mykje humor og morosame bokstavrim. Til dømes høyrer me om prinsesse Månestråles måndag, prinsesse Torindas torsdag og prinsesse Soveleies søndag. Her er drakar som er mørkredde, som ikkje likar skitne prinsesser, og som aller mest gjerne vil ha eit nytt dokkehus. Illustrasjonane er i ekte eventyrstil, med overdådige slott, prinsesser og leiker. Borna vil lett kjenne att typiske eventyrtrekk og garantert bli overraska over at historiene er pakka inn i ein ny drakt. Og kven har høyrt om ein raud drake før? Som er så liten at han ikkje orkar å røve prinsessa? Eller kva med prinsessa og draken som skifter rolle? Om prinsessa som røvar med seg draken utkledd i prinsesseklede heim? Judith Sørhus Litlehamar MARI OG MAGNUS Av: Ruth Lillegraven og Inger Landsem Samlaget 2012 Mari og Magnus er sysken og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko rart i barnehagen, alle smokkane er plutseleg borte. Kor kan dei vere? Og kven har teke dei? Mari og Magnus byrjar å leite, og til slutt finn dei smokkane på ein litt uventa plass. Ruth Lillegraven debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Historiene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Den første boka om syskenparet Mari og Magnus kom i fjor, boka om smokketjuven er den andre boka i serien. Mari og Magnus er ei historie som er lett å kjenne att og følgje med på, også for dei minste. Illustrasjonane er fargerike og levande og gir mange spanande tema å snakke om i tillegg til sjølve historia. Truleg passar bøkene best for dei mellom 3 og 6 år. Historia viser oss at ein ikkje alltid treng vere liten for å trenge litt ekstra kos og merksemd. Det vil nok mange av dei litt eldre barna kjenne seg att i . Judith Sørhus Litlehamar KOMPISEN LENGTAR Av: Moni Nilsson Ill: Per Gustavsson Samlaget 2012 Denne vakre og poetiske biletboka er omsett frå svensk til nynorsk av Ragnar Hovland. Olivia skal reise vekk, men bamsen Kompisen får ikkje vere med. I staden blir han att heime og lengtar. Han kan verken ete eller leike, berre lengte etter at Olivia skal kome attende. Og tida går så sakte når ein berre ventar og ventar. Einaste trøsta er at ein ikkje er skikkeleg einsam så lenge ein har nokon å vente på. Det er dei detaljrike og varme illu- strasjonane som ber historia i boka, og som gjer ho så god til høgtlesing. Temaet er dessutan like aktuelt for alle, og boka kan difor passe for fleire aldersgrupper. Dei minste vil ha mest glede av teikningane, medan dei eldre borna kan lese historia sjølv. Store born vil truleg kjenne seg igjen i mykje. Illustrasjonane byggjer opp under historia om Kompisen, som er einsam og lengar etter nokon å vere saman med. Det er godt samspel mellom teksten og illustrasjonane, sjølv om teksten somme gonger blir litt vanskeleg å lese sidan han står mot mørk bakgrunn. Kven har ikkje sakna nokon? Og blitt såra når nokon reiser vekk, og ein ikkje kan vere med sjølv? Men det gode med å lengte etter nokon er gleda når dei kjem attende. Judith Sørhus Litlehamar BARNAS EIGA AKTIVITETSBOK Red: Nana Rise-Lynum Ill. Svanaug Steinnes og Trond Rønmo Samlaget 2012 Dagen før eg skulle ha barnebursdag, landa denne boka på skrivebordet mitt. Tilfeldig  ja, sikkert. Det var i alle fall ei svært kjærkommen overrasking. Barnas eiga aktivitetsbok er ei samling av tips, triks, krimgåter, quizar og oppgåver som har stått i Norsk Barneblad dei siste 10 åra. Her er vel 80 sider med idear om korleis du kan skremme folk til å tru at det er ein slange i do, oppskrifter på herlege ting med sjokolade, spennande triks du kan gjere med såpebobler, og quizar med ulike tema. For å nemne noko. Barnas eiga aktivitetsbok er ikkje ei særsynt bok i sitt slag, kanskje bortsett frå det heilt opplagde: Ho er på nynorsk, og det er det nok ikkje mange andre aktivitetsbøker som er. Men det er uansett ei bok som trengst, og ei bok du vi trenge ofte og lenge  i alle fall så lenge det er barn rundt deg. For i ei barneverd fylt av appar, lesebrett, mobilar og Wii er det forfriskande å kunne plukke fram eit knippe uteleiker, finne på nokre rampestrekar med ballongar eller ta nokre rundar med tankeskjerpande quiz. Du treng slett ikkje ha abonnert på Norsk Barneblad dei siste tiåra for å trivast med denne boka  ho vil nok kitle leikemuskelen din uansett! Toyni Tobekk DØGN-VRIMLEBOKA: LIV OG RØRE I HAMNA Tekst og illustrasjon: Britta Teckentrup Samlaget 2012 Her kjem ei ny vrimlebok i serien vrimlebøker, som vi har blitt så glade i. Frå før kjenner vi vrimlebøkene til Rotraut Susanne Berner, der kvar bok tek oss gjennom ei av årstidene. Denne gongen er det ein ny forfattar og illustratør som har laga ei vrimlebok, om livet på hamna frå morgon til kveld. Denne gongen har boka tekst. Dei førre bøkene har vore heilt utan tekst, men i denne er det fem-seks linjer med spørsmål øvst på kvar venstreside. Desse spørsmåla er nett dei same som vi sikkert hadde stilt sjølve: Kvar er katten? Kva skjer med endene? Eg er ikkje sikker på om det er nokon god ide med tekst. Det skulle ha vore fbaargang2012 fbseksjonKIR