¸ˇinteressant å høyre kva tanken er bak dette. Vanemennesket kan lett kome til å mislike det fordi vi ikkje er vane med at det skal vere slik. Dessutan verkar det litt overflødig med tekst i ei slik bok. Heile vitsen med denne boka og med dei andre vrimlebøkene ser jo uttilåvereatduskalkunnegåpå oppdagingsferd frå side til side, utan kompass og andre rettesnorer, og finne dei fine historiene i all detaljrikdommen desse bøkene byr på.
Likevel, når vi så har fått rydda det med teksten av vegen, så skal det seiast at denne vrimleboka, som dei andre vrimlebøkene, er ei bok det er lett å bli glad i. Her er så mange gode historier som ligg i dagen, eller som ein må leite etter og brått er der ein dag, etter at du har lese boka hundrevis av gonger. Og sjølv om illustrasjonane til Britta Teckentrup er noko annleis enn Berner sine, så kan eg jo ikkje henge meg opp i det, men heller glede meg over alle dyra med dei venlege ansiktstrekka som eg kan bli kjend med og følgje eit heil døger i hamneområdet i byen.
Vrimlebøkene kjem i eit stort og hardt format som tåler ein støyt, noko som er eit ekstra pluss. Bøkene er meinte for barn frå 2 år og oppover. Toyni Tobekk
FAMILIEN KRåKESTUP OG
NYSET I NABOHUSET
Av: Kari Smeland
Ill: Mona Brekke
Samlaget 2012
I eit lite og nesten falleferdig hus bur familien Kråkestup, der far les om fuglar og mor spelar trekkspel. Denne familien er litt spesiell, ikkje minst sidan alle seks borna er tvillingar. Nokre av borna er glade i å snike seg ut på kveldstid for å spionere på det store nabohuset, som nesten ser ut som om det kjedar seg. Dei minste tvillingane, Lykke og Stjerne, synest det er merkeleg at det store huset står tomt når dei er så mange som bur i det vesle huset.
Ein kveld ser tvillingane ein skugge bak gardina i nabohuset. Kva kunne det vere, tru? Eit menneske? Ei kjempe med giftige auge? Ein skapning frå ein annan planet? Kanskje nokon rett og slett har flytta inn i nabohuset?
Dette er debutboka til Kari Smeland, som har klart å skape eit eige univers med merkelege hendingar og ei nesten eventyrleg historie. Her er gode språklege formuleringar og ei forteljing der påfunna kjem som ei perler på ei snor.
Boka passar truleg best for høgtlesing for dei mellom 6 og 9 år, men sidan teksten er lett å lese og gode illustrasjonar bryt opp forteljinga, kan også fleire av dei eldste borna lese boka på eiga hand. Mange vil nok kjenne seg att i tvillingane som berre må kikke inn vindauga i nabohuset, og som ikkje minst let seg freiste av fantasien om at skuggen på innsida ikkje er postmannen, men kanskje noko heilt anna. Det ligg eit slør av mystikk og eventyr over illustrasjonane i svart/kvitt.
Truleg blir også fleire freista til å leike detektiv etter at dei har høyrt denne spanande eventyrhistoria.
Judith Sørhus Litlehamar
KEEPERKONGEN
Av: Atle Berge
Ill: Henning Lystad
Samlaget 2012
Dette er tredje boka om Barcelonagjengen, som spelar fotball for Komet I.L. Komet-bøkene er lettlestbøker, bøkene om Barcelona-gjengen er i den grøne Komet-serien og passar best for dei mellom 8 og 10 år.
Det er ingen i Barcelona-gjengen som likar å stå i mål, aller minst Aleksander. Men denne gongen er det hans tur til å vere keeper, enten han vil det eller ei. Og den ivrige trenaren står på sitt: Aleksander skal stå i mål. Men kva om Eivind heller kunne stå i mål, han som likar det så godt? Og kven er eigentleg keeperkongen som dei har høyrt så mykje om? Kan keeperkongen
finne løysinga på problemet?
Gode og tydelege illustrasjonar og
ein lettlesen tekst gjer historia lett å få med seg, også for dei minste lesarane. Mange har kanskje opplevd ein litt for engasjert fotballtrenar, og mange har nok fått vondt i magen når dei tenkjer på noko dei må gjere som dei ikkje har lyst til. Boka seier mykje om at me alle er ulike, og at alle kan noko, men at ingen kan vere gode til alt.
Keeperkongen klarer å løyse flokane. Aleksander er god til å styre spelet på banen og viser seg å vere ein dyktig kaptein, og Eivind finn sin plass i målet som keeper. Og ikkje minst held keeperkongen den litt for ivrige trenaren i skinnet.
Alt handlar om å finne plassen sin.
Judith Sørhus Litlehamar
NåR PRINSER BLIR HJEMME
Av: Per Gustavsson
Mangschou 2011
Akkurat denne dagen hadde prinsen berre lyst til å vere heime og slappe av. Han skulle lese bøker, drikke kakao og kose med hamsteren Hermann. Han skulle i alle fall ikkje vere med vennene på å skremme røvarane. Og medan dei andre prinsane for av garde på røvarjakt, blei prinsen vår heime. Men plutseleg høyrer han nokre rare lydar frå kjøkkenet. Og der var røvarane, det vil seie nokre redde røvarar. Seinare møter me både ein redd svartdrake og den redde oggligronken.
Dette er ei ekte eventyrverd, der prinsane har krone på hovudet og sverd på rommet sitt. Her møter me mystiske figurar som likevel er nett som både deg og meg. Dei blir til og med redde for det som dei ikkje veit kva er. Svartdraken, til dømes, var så redd for oggligronken at han gøymde seg under senga til prinsen.
Her kan borna drøyme seg vekk. Kanskje kjenner dei også att faste eventyrtrekk? Talet tre går att, mellom anna finn prinsen nokon som er redde
og som treng hjelp, tre gonger. Og ikkje minst går alt godt til slutt. Då inviterer nemleg prinsen dei nye vennene sine på saft!
Og kva skjedde med dei andre prinsane? Jo, dei blir naturlegvis redde og spring av garde når dei ser kven prinsen har fått besøk av. Teikningane i boka er levande og med klare fargekontrastar som speglar kampen mellom det gode og det vonde.
Judith Sørhus Litlehamar
MåNEN SOM VILLE LYSE
SOM EI SOL
Tekst og bilete: Elin Grimstad (debutant) Samlaget 2012
Historia i denne boka handlar om sola og månen, om kven som er best, som stråler mest og betyr mest for at andre skal vere glade. Og sjølvsagt går det ikkje månen sin veg. Han skin berre om natta, og då er det jo ingen som ser han. Men månen tenkjer ut ein plan som skal gjere at han overskuggar sola fullstendig og ein gong for alle viser kven av dei to som er best.
Går det bra, skal tru? Den spenninga får boklesaren ha til ho får bladd gjennom boka og sett sjølv.
Vi kan i alle fall avsløre at her er litt av kvart å lære om oss sjølve, om relasjonar og ikkje minst om solsystemet og stjernehimmelen, slik også andre har peika på.
Illustrasjonane i denne praktfulle biletboka består av små bilete og figurar som Elin Grimstad har klipt ut og sett saman til nokre nydelege kollasjar. Ifølgje forlaget har ho brukt ein teknikk som er mykje brukt innan animasjonsfilm, og som no for første gong er brukt i ei bok.
Personleg hadde eg i tillegg til dei vakre bileta stor glede av dei små, handskrivne titlane på bøkene i boka og ikkje minst dei små diktlappane til månen inne i boka og på innsida av omslaget. Det var og fin lesnad!
Toyni Tobekk
fbaargang2012 fbseksjonKIR