¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇNasjonalt prosjekt for fleire fagbrev Nord-Trøndelag er eitt av fem fylke som er med i prosjektet som skal auke den formelle kompetansen mellom dei tilsette i kommunale og private verksemder. Dei andre fylka er Hordaland, Rogaland, Hedmark og Vestfold. Prosjektet vert organisert i dei fem fylka, men felles er samarbeidet mellom fylke, vidaregåande skular, LO, NHO, Nav og kommunale og private verksemder. Minst ein karrieresamtale Berit Flatås ved Karrieresenteret i Verdal har vore på Ørmelen bo- og servicesenter og møtt Marthe Bartnes og dei andre praksiskandidatane som arbeider der. Dei har også vore på karrieresenteret og treft karriererettleiaren.  Vi fylgjer alle elevane tett, og vi reknar med at kvar og ein treng to eller tre karrieresamtaler undervegs, seier Flatås.  Når eg seier tett oppfølging, meiner eg det. Så viss nokon skulle trenge fleire møte, får dei det, legg ho til. For karriererettleiaren veit at det er minst ein grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet. Nokre fekk tidleg avsmak for skulen, andre blir skremde av skjema, og så er det alle dei som utsett det til ein annan gong. Og plutseleg kjennes det som om det er for seint  Vi prøver å rettleie dei over tersklane og gjennom jungelen. Vi veit ikkje alltid korleis vegen framover kan leggjast opp, men vi veit alltid kor vi skal leite etter ei løysing, seier Flatås. Enorm kompetanse Karriererettleiaren fortel at praksiskandidatane har lang røynsle frå arbeidslivet, og at dei etter kvart har fått ein enorm kompetanse.  Då er det kjekt å kunne hjelpe dei den siste biten mot fagbrev, syns Brit Flatås. Ho legg til at det ikkje berre er eit gode for kvar og ein som får fagbrevet. For kommunane og fylket er det også viktig å auke formalkompetansen. Den teoretiske undervisninga for praksiskandidatane er heildigital. Flatås hadde venta at det ville bli eit problem for mange. Men også der var kompetansen høg. Så no har karrieresenteret oppretta både heimeside og facebook-gruppe for dei som tek del i prosjektet.  Det som derimot har vore ei utfordring, er manglande dokumentasjon på tidlegare jobbar. Mange arbeidsgjevarar skriv knappe attestar utan naudsynte opplysningar om innhaldet i stillinga, meiner karriererettleiaren. Fagbladet 11/2012 > 31 fbaargang2012 fbseksjonHEL