¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇKJENNER SEG TRYGGE:  Dei vil ha oss i mål, og vi får den hjelpa vi treng, seier Berit Strandholmen ved Frol oppvekstsenter i Levanger. Ho er på veg til å bli barne- og ungdomsarbeidar.  Andre har aldri tatt i ei datamaskin, men vi er blitt trygga på at vi skal få den hjelpa vi treng, seier Nilsen.  Dei vil ha oss i mål, og det er godt å vite, legg kollegaen til. Tanken var der nok... Dei har begge tenkt på å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men det var først med prosjektet Fagbrev på jobb at det vart noko av.  Det er klart det hjelpte at vi får fri med løn når vi skal på samling, seier Strandholmen og Nilsen. Dei meiner dei har fått god hjelp sidan prosjektet starta med informasjon og samlingar.  Det er eit kjempetilbod til vaksne folk, meiner dei. Minst ein karrieresamtale Brit Flatås ved Karrieresenteret i Verdal har vore på Frol oppvekstsenter og møtt Monica, Berit og dei andre praksiskandidatane som arbeider der. Dei har også vore på karrieresenteret og treft karriererettleiaren.  Vi fylgjer alle elevane tett, og vi reknar med at kvar og ein treng to eller tre karrieresamtalar undervegs, seier Flatås.  Når eg seier tett oppfølging, meiner eg det. Så viss nokon skulle trenge fleire møte, får dei det, legg ho til. For karriererettleiaren veit at det er minst ein grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet før. Nokre fekk tidleg avsmak for skulen, andre blir skremde av skjema, og så er det alle dei som utsett det til ein annan gong. Og plutseleg ein dag kjennes det ut som det er for seint. > ¸ˇNasjonalt prosjekt for fleire fagbrev Nord-Trøndelag er eitt av fem fylke som er med i prosjektet som skal auke den formelle kompetansen mellom dei tilsette i kommunale og private verksemder. Dei andre fylka er Hordaland, Rogaland, Hedmark og Vestfold. Prosjektet vert organisert ulikt i dei fem fylka, men felles er samarbeidet mellom fylke, vidaregåande skular, LO, NHO, Nav og kommunale og private verksemder. Oppdragsgjevar for prosjektet er Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) har det nasjonale ansvaret, og følgjer opp prosjektet i samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Fagbladet 11/2012 > 33 fbaargang2012 fbseksjonKIR