¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇwww.pirion.no PIT PARION ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇMEDAN VI VENTAR På DEN KULTURELLE BARNEHAGESEKKEN ¸ˇBarnehagane i Noreg fekk ny nasjonal rammeplan i 2006 (rammeplan for innhaldet og oppgåvene til barnehagen, RP). Nytt i denne utgåva var mellom anna vektlegginga av barnehagen som kulturarena. Kultur som omgrep vert definert på denne måten (side 36): Med kultur forstår vi her kunst og estetikk, felles åtferdsmønster, kunnskapar, verdiar, haldningar, erfaringar og ut- trykksmåtar. Kultur handlar om arv og tradisjonar, om å skape og levandegjere, fornye og aktualisere. Kultur blir utvikla i spenninga mellom tradisjon og fornying. Både lokale og nasjonale kulturverdiar, slik dei speglar seg i oppvekstmiljøet til barna, må vere representerte i barnehageverksemda.ª I denne delen av RP er også barnehagetilsette si rolle som kulturformidlarar understreka. Kultur er som kjent, også i fylgje RP, eit mangfaldig omgrep. Tilsette i barnehagen kan hente mykje inspirasjon i RP, særleg under fagområdet Kunst, kultur og kreativitet. Mykje godt arbeid vert gjort i barnehagane, men mange saknar eit utfyllande tilbod som også rettar seg mot barn under skulealder. barnehagar. NSKK delar mellom anna ut den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur årleg. Det finst også fleire gode, lokale døme på organisering av eit breitt kunst- og kulturtilbod for førskulebarn, til dømes Bergen kommune sitt kunstformidlingsprosjekt Den kulturelle bæremeisen. Her møter det kunstfaglege det barnehagefaglege, og kunstnarar, barn og pedagogar arbeider saman i kreative prosessar. Eit anna godt døme er Sølvtråden (Kongsberg kommune). Dette er den kulturelle skule- og barnehagesekken som omfattar alle kommunale og private barnehagar og skular i kommunen. Sølvtråden vert drifta av kulturetaten i kommunen i samarbeid med fleire lokale kulturinstitusjonar. Sølvtråden kan årleg tilby seks modular frå barna er 1 år. Modulane er forankra i dei seks elementa innanfor DKS: kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst og film. Kongsberg kommune si kultursatsing på barn og unge har sterk lokal forankring. ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇTORILL SPERRE ER: Førskulelærar/fagleg rettleiar og kulturarbeidar. Fleire barn enn nokon gong tidlegare har plass i barnehagen. Desse barna representerer eit mangfald; språkleg, kulturelt og sosialt. Barn har like stor glede og nytte som alle andre av eit mangfaldig kulturtilbod. ¸ˇ¸ˇ¸ˇI 2001 kom kultursatsinga for grunnskulen, den kulturelle skulesekken, DKS, inn på statsbudsjettet. DKS har etter kvart vorte eit godt innarbeidd tiltak som omfattar kulturell breidd, slik intensjonane var. Fleire statlege styringsdokument innan kulturfeltet har nemnt ei tilsvarande ordning, som DKS, for barnehagane, men lite har skjedd frå statleg hald. Eit heiderleg unntak er opprettinga av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (2007), som også femner For barna vert det særs viktig at kulturtiltaka inneber høg grad av eigen deltaking. Det vil også auke barnehagetilsette sitt medvit om rolla som kulturformidlarar. Lokale og/eller regionale løysingar er avhengige av kommuneøkonomi og prioriteringar. For nokre kan Norsk kulturråd vere ein god økonomisk støttespelar. Medan vi ventar på statleg økonomisk satsing på den kulturelle barnehagesekken, får vi syte for å fylle sekkenª lokalt og regionalt med gode kulturløysingar. ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇFrå 2013 går Pirion vekk frå tingingsordning og trykt utgåve. Men me er framleis å lesa på pirion.no og i Fagbladet. Følg oss på facebook/pirion og @avisapirion på Twitter. PiRion PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 1/2013, 14. årgangen  ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland, mob. 97 19 47 88 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Dag Gjerde Formgjeving: Salikat design ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇTips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no ¸ˇFØLG OSS På FACEBOOK OG TWITTER fbaargang2013 fbseksjonKIR