¸ˇHUGSAR OSS: Mange av pasientane kan namna våre no som vi er her mest kvar dag, seier Tone Hasselberg.
Ingen har ufrivillig deltid
¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇAllereie i 2010 fekk alle sjukepleiarar som ønskte det, heil stilling ved Gruben sykehjem. Det var av di mangelen på denne yrkesgruppa var blitt eit problem.
Men distriktsleiar i Rana aust, Marit Sviggum, og leiar på avdeling 1 ved Gruben sykehjem, Rita Hansen, ville gjerne tilby alle tilsette heiltidsstilling.
Dei kartla bruken av vikarar over to år. Innleie av vakter var høgt og tilsvarte to årsverk.
Deretter skaffa dei seg oversikt over kor mange av dei tilsette som ønska større stilling. Seks deltidstilsette ønska full stilling, heile elleve ønska utvida stilling. Dei samla ønska svarte til 3,5 årsverk.
Avdelingsleiar Rita Hansen.
Ei omdisponering av vikarbudsjettet kunne gje to årsverk. For å tette differansen til 3,5 årsverk vart leiinga og dei tilsette samde om meir restriktiv bruk av vikarar.
Dessutan skulle matpausen til ettermiddagsvakta på kvardagar ikkje lenger vere betalt. Det skulle heller ikkje matpausen til dei som arbeider dagvakt i helgene, vere.
Tilsette over 67 år har samstundes gått litt ned i stilling.
Sidan dei auka grunnbemanninga med 3,5 årsverk, har dei vore elleve på dagvakt mot ni før. Dei har også fått ein ekstra seinvakt.
Dei har elleve rekrutteringsstillingar for å dekkje opp helger og ferier.
fbaargang2013 fbseksjonHEL