¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇRagnfrid Trohaug forlagsredaktør Samlaget Litteratur Kvifor er kulturformidling for barn viktig? Det er viktig med kulturformidling til barn, fordi kultur gir oss alle høve til å sjå verda og livet på nye måtar og frå nye kantar. Om ein ikkje har kulturformidlarar, får ikkje alle barn høve til å sjå og oppdage verda med nye og uvande auge, og då har vi eit demokratisk problem. Kulturen er for alle, også dei som ikkje har opplagde vegvisarar inn i kulturen. Det er her formidlarane speler ei utruleg viktig rolle. Ragnfrid Trohaug forlagsredaktør Samlaget Litteratur Bøllene Av: Bo Gaustad Cappelen Damm 2013 Dette er ei surrealistisk historie der alt kan skje. Me kjenner igjen figuren Birger frå boka Dessert. Birger er ein farleg figur, med kraftig underbitt og skarpe tenner. Men no har det kome framande inn i hundehuset. Sju bøller har teke seg inn i huset og truar både freden og roen. Bo Gaustad er ein einar til å teikne det merkelege, skumle og uventa. Dei sju bøllene syng seg inn i hundehuset med strofer som: Vi er bøller, 7 i slengen. Slemme bøller hele gjengen. Alltid klare til å slåss. Hele verden frykter oss. Historia inneheld mange små drypp som dette, som gjerne kan minne om regler og rim  og kamprop. Birger let seg derimot ikkje så lett skremme og gjer seg klar til kamp; han gjev ikkje hundehuset frå seg slik utan vidare. Kanskje litt gammalost-lukt kan hjelpe? Bo Gaustad er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskule og har forfattarutdanning frå Norsk barnebokinstitutt. Ho har illustrert ei rekkje biletbøker. I 2008 debuterte ho også som forfattar. Judith Sørhus Litlehamar Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar Av Martine Grande Samlaget 2013 Kakerlakken med den stygge frakken erreddforåblø,reddforådøogredd for å leve. Når hausten kjem og sola forsvinn, lurer kakerlakken på kor han skal finne glede igjen? Aller mest håpar han at nordlyset vil kome og ta han med seg, eller kanskje det kjem ein reddande engel? Kakerlakken møter på ord som haustredsle og vinterdepresjon hjå legen, og set dermed ord på noko mange vil kjenne seg att i. Men korleis halde på gleda når det blir mørkt og vinteren et seg innpå? Og korleis kan ein halde på gleda når alle mobbar deg for ein stygg frakk? Teksten er brukt som eit grafisk element i boka, noko som gjer lesinga meir spanande og full av overraskingar. Her buktar tekstlinjene seg i takt med nordlyset og stetoskopet til legen. Det gjev puls til lesaropplevinga. Det meste kjem seg når kakerlakken møter ein nattsvermar som likar seg på utelampa. Når kakerlakken forstår at også nattsvermaren er redd for det meste, skjønar han at han ikkje skil seg ut, og det meste av mørkeret blir lyst igjen. Judith Sørhus Litlehamar Peri og Peti vender om Av: Helga Gunerius Eriksen Samlaget 2013 Helga Gunerius Eriksen har skrive over tjue bøker for alle aldrar og i alle sjangrar. No kjem ho med ei fantasirik og fargerik biletbok for barn. Me møter Peri og Peti, som vågar seg ut i den store verda for å oppleve, smake, føle og lukte på alt som er der ute. Peri og Peti går oppover bakkar, luktar på blomar, kjenner på vatn og hamnar ute ¸ˇ¸ˇl g e s e L e d e ! Foto: Samlaget fbaargang2013 fbseksjonKIR